Sport | 14. sep. 2012

Trivst med favorittstempelet

– Vi er gira og spente på møtet med Bjørnar i morgon, seier Line Hjelle Berentsen før damelaget sin seriestart laurdag.

Trivst med favorittstempelet
Line Hjelle Berentsen ser fram til seriestart mot Bjørnar i Oshallen laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. sep. 2012 18:04

Damelaget til Os har hatt ei god oppkjøring med treningsleir i Kroatia og gode prestasjonar i tøffe trenings- og NM-kampar heime.

Midtsiden samleside: Handball

Laurdag klokka 16 startar serien, på heimebane mot Bjørnar, som rykte ned frå 1. divisjon i vår.

– Vi er i god form og vi er kjempeklare for seriestart. Det er spesielt spennande at vi møter eit lag som spelte 1. divisjon i fjor, synes Line Hjelle Berentsen.

– Dei trur vi er gode - og det er vi

Os har hamna på 2. og 3. plass dei to siste sesongane og går også i år for opprykk. Fana tok turen opp i vår, førre konkurrent om opprykk, Jotun, har rykt ned igjen.

For 2012/2013 er det fleire som meiner Os er beste kandidat til å vinna avdelinga:

"På bakgrunn av fjorårets resultater og nye talent fra den sterke 96-årgangen tror vi Os får spille kvalikk til 1. divisjon denne sesongen. Skulle de ikke klare den, går de garantert opp neste år, når ungjentene er ett år eldre" skriver merhandball.com.

– Det er heilt greit med favorittstempel. Dei andre laga kan berre tru at vi er gode, for det er vi! seier Line.

Imponert over 96-jentene

Det er ikkje så lenge sidan Line Hjelle Berentsen var ny på seniornivået. Frå benken og andrelaget har ho raskt tatt turen opp til å bli blant dei etablerte på damelaget.

– Det var ein overgang å gå frå å føla seg som ein god jentespelar og til å møta fysisk og spelemessig motstand på seniornivå. Men det gjekk greit å vera litt på benken, det er berre til å trena hardt og bruka dei speleminutta du får, så går det vegen.

I kampane no før seriestart ser ho dessutan ut til å ta Hilde Kristine Røttingen si rolle som tøffingen på laget. Røttingen står over denne sesongen.

– He, he! Eg føler meg i form og det er kjekt viss nokon synes eg av og til speler som Hilde Kristine.

– Har du tips til jentene frå gull-kullet, den store, sterke 96-årgangen som no steppar inn på damelaget?

– Det ser ikkje ut som om dei treng nokre tips, dei tar det allereie så utruleg bra. Dei har gode haldningar, dei kjem ikkje på banen og trur det skal bli enkelt. Og dei er mykje tøffare enn eg var på deira alder, dei kjem til å klara dette veldig fint, trur Line Hjelle Berentsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.