Lokal | 22. mars 2018

Truga av Acer-motstandarar

Olje- og energiminister Terje Søviknes har blitt truga av motstandarar av at Noreg skal tilslutta seg Acer.

Truga av Acer-motstandarar
Olje- og energiminister Terje Søviknes har motteke trugslar i samband med Noreg si tilknytning til Acer (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. mars 2018 07:34

Regjeringen vil knytta Noreg til EU sitt energibyrå Acer. Det tyder at delar av nasjonal mynde blir overført til energibyrået. Målet er få eit felles strøm- og gassnett i Europa. Dei som er kritiske fryktar at Acer vil gje fleire utanlandskablar og høgre straumprisar i Noreg.

«Vi veit kor du bur»

Saka, som skal handsamast av Stortinget i dag, torsdag, har skapt enormt folkeleg engasjement, også av det mindre heldige slaget.

– Eg har stått i nokre stormar etter 30 år som politikar, men aldri opplevd lignande, seier tidlegare ordførar i Os og no olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) til VG.no.

Søviknes fortel det er første gang han har mottatt trugslar.

– Det er trugslar av typen «Vi veit kor du bur, og kven vi skal ta» og liknande, fortel Søviknes til avisa.

Søviknes beskriv trugslane som alvorlege, men har likevel ikkje meldt dei til politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.