Lokal | 10. apr. 2017

Truga med øks og slo med gitar

Politiet tok beslag i både sverd og slagvåpen. No er mannen dømt til fengsel for fleire tilfelle av trugslar og vald.

Truga med øks og slo med gitar
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. apr. 2017 08:57

Ein mann i 40-åra frå Os sto i mars tiltalt for fleire tilfelle av trugslar og vald mellom 2014 og 2016, både mot offentleg tilsette og mot sambuaren.

Sambuaren skal ha blitt slått med både knytta hand og ein gitar, og mannen skal også ha hogge etter ho med ei øks.

Han var òg tiltalt for trugande åtferd mot andre personar. Politiet tok beslag i slagvåpen, sverd, økser, knivar, luftpistol, softgun, bajonett og tre samuraisverd etter at han blei pågripen.

Delvis skyldig

Tiltalte møtte og sa seg skyldig og delvis skyldig i nokre av dei seks punkta, men ikkje skyldig i halvparten, blant anna det som handla om vald og trugslar mot sambuar.

Aktor la ned påstand om at tiltalte blir dømt i samsvar med tiltalebeslutninga til fengsel i 2 år og 4 månadar, med frådrag av 168 dagar som tiltalte har sete varetektsfengsla.

Tiltalte er tidlegare straffedømt fire gongar mellom 2004 og 2014, blant anna for narkotika og for vald mot ein tidlegare sambuar.

Han blei frifunnen for punkt om drapstrugslar mot ein offentleg tilsett, og for eit punkt om narkotika, men funnen skyldig i dei andre fire punkta.

Tiltalte blei dømt til fengsel i eitt år, med frådrag av 174 dagar. Han må òg tola inndraging av nærmare 20 ulike våpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.