Truga med «pistol-liknande gjenstand»
Politiet rykte ut til både unge og vaksne festdeltakarar i natt.


Laurdag klokka 23.18 fekk politiet melding om trugslar med ein pistol-liknande gjenstand på ein privat ungdomsfest i utkanten av Os sentrum.
– Gjenstanden viste seg å vera ein softgun. Politiet opprettar sak på forholdet og følgjer opp dei involverte, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
I 02.50-tida natt til søndag blei politiet kontakta av vektarar som hadde problem med ein gjest på ein utestad.
– Gjesten, ein mann i slutten av 50-åra, fekk pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum. Vedkomande retta seg etter pålegget.
I 11-tida på formiddagen laurdag fekk politiet melding om ulovleg graving på ei adresse i Hagavik.
– Førar hadde ikkje gyldig løyve, og det blei oppretta sak.
I 22.30-tida på kvelden fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Hatvikvegen.
– Ingen personar blei skadd. Viltkontakt er varsla for oppfølging av dyret.