Næringsliv | 04. okt. 2016

Truga med søksmål av Orkla

Capri har i 21 år servert den populære pizzaen «Grandiosa». No har restauranten fått brev frå Orkla Foods Norge AS.

Truga med søksmål av Orkla
Mustafa Erpolat blei overraska då han fekk brevet frå Orkla om at han måtte skifte namn på ein av pizzaene sine (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. okt. 2016 13:14

Bildeserie:

Brevet frå Orkla kor dei trugar med rettslege skritt om ikkje Capri endrar namnet på pizzaen (foto: AH)
Brevet frå Orkla kor dei trugar med rettslege skritt om ikkje Capri endrar namnet på pizzaen (foto: AH)
GRANDIOSA blei merkevareregistrert i januar 2015, 20 år etter at Capri første gong serverte sin eigen pizza Grandiosa (foto: AH)
GRANDIOSA blei merkevareregistrert i januar 2015, 20 år etter at Capri første gong serverte sin eigen pizza Grandiosa (foto: AH)
1 av 2
Brevet frå Orkla kor dei trugar med rettslege skritt om ikkje Capri endrar namnet på pizzaen (foto: AH)
GRANDIOSA blei merkevareregistrert i januar 2015, 20 år etter at Capri første gong serverte sin eigen pizza Grandiosa (foto: AH)

27. september fekk Mustafa Erpolat, som sidan 1995 har drive den populære pizzarestauranten Capri i Brugata på Os, eit brev frå Orkla Foods Norge AS.

Der står det at om dei ikkje innan 12. oktober 2016 har slutta å bruka namnet «grandiosa» på ein av pizzaene på menyen så dei risikerer dei at matvaregiganten går til rettslege skritt for å «stanse krenkelsen av varemerket GRANDIOSA», og at Orkla Foods Norge AS vil krevja erstatning, mellom anna for kostnadar ved ein rettssak.

– Eg blei litt overraska, fortel Mustafa Erpolat.

– Pizza Grandiosa er kjend over heile verda som ein pizza med biffkjøt, på same måte som at pizza Margherita er ein pizza med tomat, mozzarellaost og basilikum. Vi har brukt namnet på vår pizza heilt sidan vi starta opp i 1995. Det er, og har vore, ein av våre bestseljarar heile tida.

Registrert i 2015

Bakgrunnen for kravet frå Orkla Foods Norge AS er at dei 19. januar 2015 fekk registrert varemerkeregistrert GRANDIOSA.

– Eg tykkjer det er litt merkelig at dei kan koma no og krevja at vi ikkje få lov til å nytta eit namn vi har brukt i over 20 år. Eg trur det er mange stadar i Noreg som serverer sin eigen versjon av Grandiosa, seier Erpolat.

Tar ikkje opp kampen

Erpolat tar det heile med godt humør og kjem til å føya seg etter kravet frå matvaregiganten.

– Eg kan ikkje noko anna. Det vil kosta meg for mykje tid og penger å ta dette til retten. Truleg hadde eg ikkje nådd fram i kampen mot eit så stort firma som Orkla heller, så eg har allereie sendt inn erklæringa om at eg kjem til å endra namnet.

Treng hjelp til nytt namn

Ein ting er han sikker på, han kjem ikkje til å slutta å servere pizzaen i restauranten på Os.

– Pizzaen med tomatsaus, ost og eigenmarinert biffkjøt skal bestå. Osingane skal fortsatt få den same gode smaken, men eg treng hjelp til å finna på eit nytt namn til den. Difor ber eg osingane om å gå inn på facebooksida vår, Capri Restaurant, og foreslå kva vi no kan kalla den, avsluttar Mustafa Erpolat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.