Kultur | 23. aug. 2013

Truleg slutt for Osøren

Årets festival, den 15. i rekka, ser ut til å ha vore den siste utgåva av Osøren Blues & Jazzfestival.

Truleg slutt for Osøren
Truleg er det slutt på å sjå Osøren Blues- og Jazzfestival sin logo som bakteppe på scena ved Peppes (foto: Henrik Mjelva)
Andris Hamrefredag 23. aug. 2013 10:04

Fredag fortel Gunnar Nagell Dahl og Tore Lekven at det truleg er slutt for Osøren Blues og Jazzfestival.

Allereie i juli kom det signal om at festivalen var i tenkeboksen og vurderte framtida.

– Styret i Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF) vil informere om at vi trapper ned aktiviteten vår inntil vidare. Endeleg beslutning om nedlegging av organisasjonen vert tatt på årsmøtet i OBJF, medio oktober, skriv dei to i pressemeldinga.

Høge kostnadar

Den økonomiske situasjonen skal vera den viktigste årsaka til at styret no legg planlegginga av neste års Osøren på vent.

– Dei siste åra har vore ei stor utfordring for OBJF, vi har endra spelestadar for konsertane og vi har mista store inntekter som var med å trygge finansieringa av festivalen.

– Vi hadde store forventningar til Oseana som festivalarena, og dette har ikkje på nokon måte innfridd. Publikum har svikta og kostnadane vart for høge.

– Vi kan ta sjølvkritikk på at vi har hatt høge artisthonorar, men ei av OBJF sine målsettingar var å ha ein høg kvalitet på programmet. Vi har og bestreba oss på å ha ei nøktern og realistisk ramme for festivalen, fortel dei to.

Dei klarar å dekkje alle utgiftane ved årets festival, og vil når dei har fått inn alt uteståande, gå i eit lite pluss.

Stolte over 15 år med festival

Osøren Blues- og Jazzfestival har helde på i 15 år.

– Vi i styret i OBJF er stolte over det vi har fått til gjennom desse 15 åra!

– Vi har gitt osingane og dei mange tilreisande ein smakebit på dei beste artistane innan vår sjanger, nasjonalt og internasjonalt.

– Vi meiner vi har satt Os på kartet som ein festivalarena, og det har for mange vore det store kulturelle høgdepunktet for Osbygda kvart år.

Mange lokale artistar har hatt sin debut på nettopp Osøren. Festivalen har òg delt ut stipend til fleire av artistane gjennom dei siste åra. Seinest til det unge talentet Hans-Marius Johnsen.

Krev eit stor engasjement

Saman med styret beklagar Nagell Dahl og Lekven situasjonen.

– Vi må få takke våre samarbeidspartnarar, spesielt våre trufaste sponsorar gjennom alle år, og ikkje minst dei frivillige som har hjelpt oss med arrangementet år etter år.

– Vi ser ikkje heilt vekk frå at Osøren kjem tilbake, men det krev eit stort engasjement frå osingane og eit styre som er viljug til å satse vidare, avsluttar dei to pressemeldinga.

Les òg: Startar ny festival i Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.