– Trur du blir glad
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) kom med ein liten budsjettlekkasje då ho besøkte Os ASVO måndag ettermiddag.
Måndag besøkte Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) Os ASVO for å få høyra om dei første erfaringane med den AFT-ordninga (Arbeidsforberedende tiltak) som tredde i kraft 1. juli, men temaet Varige tilrettelagte arbeidsplassar (VTA) kom sjølvsagt òg på banen då statsråden møtte dagleg leiar Kristian Nygaard.
– Når eg først har arbeidsministeren på besøk så må eg få lov å seia at vi ønskjer oss fleire VTA-plassar, fortalde Nygaard.
– No har ikkje eg lov til å røpa noko frå budsjettet vi legg fram i haust, men eg trur du blir glad, svara Hauglie.
Ønskjer seg fem plassar
Os ASVO har i dag om lag 60 tilsette innan VTA, Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS) og AFT-ordninga.
– Når det gjeld VTA så har vi no ventelister. No kunne jo ikkje ministeren røpa detaljar, men det er klart eg blir spent. Hadde vi fått fem nye plassar, så kunne vi tilsett ein arbeidsleiar til og klart å ta unna dei ventelistene vi har.
– I år blir eg nesten nøydd til å lesa budsjettet når det kjem, smilte Nygaard då Midtsiden snakka med han etter møtet med Hauglie.
Meir saumlaus ordning
Anniken Hauglie fekk møta, og høyra om, erfaringane frå AFT-ordninga frå to av deltakarane. I ordninga skal deltakarane kartleggast, i tillegg til å få arbeidserfaring. Målet med ordninga er at deltakarane skal kome seg ut i ordinært arbeid i løpet av ei periode på eitt til tre år avhengig av korleis ordninga blir rigga rundt den einskilde deltakaren.
– Det har vore eit vel av ulike tiltak kor deltakaren har gått frå det eine tiltaket til det andre. Målet med AFT er å få ei meir saumlaus ordning kor ein får avklart og kartlagt deltakaren innan den same ordninga. Deltakaren skal vera i fokus og oppleve ei meir saumlaus ordning.
– Det har vore interessant å høyra om erfaringane Os ASVO har gjort seg så langt. Eg fekk eit veldig godt inntrykk av verksemda, oppsummerte Hauglie då ho møtte pressen etter møtet.