Kultur | 12. nov. 2009

Trur pengane kjem

Kommunaldirektør og tidlegare kultursjef Karl Ole Midtbø støttar Søviknes i kritikken av Trond Giske, men trur pengane frå kulturdepartementet kjem.

Trur pengane kjem
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. nov. 2009 06:28

Ordførar Terje Søviknes meiner tidlegare kulturminister Trond Giske driv ureint trav etter avslag på søknad om statleg støtte til Oseana - tre år på rad.

Kommunaldirektør, medlem av byggekomiteen og tidlegare kultursjef i Os i 10 år, Karl Ole Midtbø, forstår Søviknes godt i kritikken av den tidlegare statsråden.

- Det er heilt ufatteleg at han har handsama søknaden vår og Hordaland fylke si prioriteringsliste på denne måten, seier Midtbø til Midtsiden.no.

- Han veit dessutan at ein slik mekanisme også påverkar anna kulturarbeid. Ventar du på midlar til større prosjekt så blir det vanskelegare å følgja opp tiltak og eksisterande kulturliv, legg han til.

Men han trur ikkje at Os må venta lenge før det kjem løfte om statleg støtte til Oseana.

- Eg trur pengane kjem, det som er irriterande er at det er uvisst kor tid og kor mykje.

Lettare med idrett
Nye idrettsanlegg kan også få støtte frå tippemidlar, men for idretten gjelder eit anna regime.

- Dei kan levera teikningar, få dei godkjente og få svar på om dei får støtte. Dei får gjerne ikkje tilskot med det same, men dei får ein sum og ein dato å forholda seg etter.

- Klarar vi å koma inn som Nasjonalt kulturbygg, som får midlar direkte frå statsbudsjettet, så kan det koma større summar, og løyvingane er sikrare.

Må klypa seg i armen
I september for tre år sidan blei Osbadet opna. Eit viktig kulturbygg i Os, også det med ein vaksen prislapp.

- Osbadet er viktig for bygda, men medan vi jobba med det tenkte eg at "no blir det lenge til vi kan snakka om noko nytt kulturhus", fortel Midtbø, som den gong var kultursjef.

No seier han at han kvar dag må klypa seg i armen for å vera sikker på at byggeaktiviteten på Mobergsneset ikkje er ein draum.

- Du trur ikkje det var feil å starta bygginga før fullfinansiering var på plass?

- Nei! Tenk når dei som styrer Os om 20 år ser tilbake, kva avgjerder som blei fatta på denne tida, og kor mykje det fekk å seia for utviklinga til bygda. Hadde det ikkje blitt satsa no, når så mykje er på plass av private midlar, så kunne det gått lang tid før det ville blitt realisert noko som liknar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.