Tryggare for hestar og folk ved Knutabruo
Onsdag blei eit nytt gjerde montert i hesteløypa ved Knutabruo. – Nytt gjerde og nye skilt er gode tiltak mens vi ventar på bygging av nye stiar, seier Lisbeth Moberg.
I oktober 2015 blei Knutabruo opna, og Oselvo blei meir tilgjengeleg for turgåarar frå både aust- og vestsida av elva.
Men aukande mengde turgåarar og mosjonistar på vestsida av brua, i treningsløypa til Os Travklubb, auka også risikoen for ulykker. Allereie ein månad etter opning av brua var det ei ulykke der to kuskar blei slengt ut av hestevognene, om tok ut med kvar si vogn, heldigvis utan å møta verken ein barnehage på tur eller ein mosjonist med musikk på øyret.
Os kommune, som i juni fekk brua i gåve frå spleiselaget og dugnadskameratane, reagerte raskt og lovde strakstiltak og ny sti som kan leia turgåarar vekk frå vegane som hestane trener på.
• Les òg: Ønskjer lysløype i Osmarka
– Vi manglar stein til stiane, kor tid dei kan bli klare veit eg ikkje. I mellomtida gler vi oss over nytt gjerde og nye skilt, seier nestleiar i Os Travklubb, Lisbeth Moberg.
Enkle tiltak for auka tryggleik
Skilt som åtvarar turgåarar, og som fortel kva veg hestane spring dei ulike vekedagane, kan vera med på å gjera det tryggare i hesteløypa.
– Bør folk gå same veg eller motsett veg som hestane?
– Dei bør i alle fall vera vakne. Mange joggar med musikk på øyra, og då er det ikkje lett å få med seg at det snart kjem ein hest i høg fart. Seinast måndag, då eg var og trente, var det tett med folk i løypa, og ikkje alle som følgde like godt med.
Hundeeigarar skal gå med hunden i band, og bør velja ei kort lenge, ikkje ei snelle med langt tau. Paraplyar og ungar som går og viftar med pinnar kan òg vera med på å skapa reaksjonar hos hestane.
Fryktar juvet
Ein hest som blir skremt og tar ut kan gjera uventa og brå vendingar, og springa med høg fart på stadar du ikkje skulle tru.
– Derfor er vi glade for at dette gjerdet kom opp.
– Det reduserer risikoen for at folk som kjem frå Knutabruo kjem for brått ut i løypa, i tillegg minkar sjansen for at hestane spring ut mot Knutabruo, eller ned i juvet mot elva, om dei skulle ta ut.