Meining | 12. des. 2023

Tryggleik i heile Bjørnafjorden

DEBATT: Vi utfører mindre justeringar i budsjettforslaget.

Tryggleik i heile Bjørnafjorden
Varaordførar Marie Lunde Bruarøy og ordførar Terje Søviknes etter konstitueringa i oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. des. 2023 13:23

Bjørnafjorden kommune står som alle veit i ein krevjande økonomisk situasjon. For å få orden på kommuneøkonomien må langsiktige driftsinntekter og -kostnader balanserast.

Denne hausten har difor vore prega av engasjement og debatt kring ei rekkje tiltak i kommunedirektøren sitt budsjettframlegg for 2024.

FrP og Høgre sine kommunestyregrupper har gjennom heile hausten arbeidd med heilskapen i budsjettet, og nytta høyringsperioden fram mot budsjetthandsaming i kommunestyret godt. Faglege innspel knytt til ei rekkje tiltak er blitt vurdert.

Basert på dette kjem vi til å gjera nokre mindre endringar i FrP/H sitt budsjettframlegg til kommunestyret 14. desember.

  • Av omsyn til totalberedskapen i Bjørnafjorden aust kjem vi til å vidareføra dagens vaktlagsordning ved brannstasjonen i Eikelandsosen.
  • Vi avventar også endeleg vurdering av redningsdykkartenesta til etter at kommunestyret i vinter har handsama risiko- og sårbarheitsanalyse for heile brann- og redningstenesta i Bjørnafjorden.
  • I tillegg tydeleggjer vi rammene for den politiske saka som er bestilt knytt til framtidig legevaktteneste i Bjørnafjorden. Her skal det gjennomførast ei utvida og kvalitetssikra risiko- og sårbaheitsanalyse innan 01.03.24.

Denne ROS-analysen skal gje grunnlag for dimensjonering av det endelege legevakttilbodet i Bjørnafjorden aust. Dagens driftsmodell med nordsjøturnus ved legevaktstasjonen i Eikelandsosen har ein nettokostnad på 7,5 mill kr pr år, dvs. 4 mill kr meir enn budsjettert for 2023.

Målet med den politiske saka er få på plass eit godt og forsvarleg legevakttilbod i heile Bjørnafjorden, men til ein lågare totalkostnad. Korleis ein skal handtera raud respons-hendingar i Bjørnafjorden aust og Samnanger skal ha særskilt fokus i utgreiinga.

Med dette skal vi sikra ein trygg kvardag, med tilgang på beredskapstenester og naudsynt helsehjelp, for alle innbyggjarane i Bjørnafjorden.

Ordførar Terje Søviknes (FrP)
Varaordførar Marie E L Bruarøy (H)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.