Sport | 18. feb. 2011

Trygt og flott på Ulvenvatnet

- Det er meir enn 30 cm stålis på Ulvenvatnet no, seier friviljug istestar John Lepsøy.

Trygt og flott på Ulvenvatnet
Andris Hamrefredag 18. feb. 2011 12:14

Som gamla skeiseløpar er det få ting som gler John Lepsøy meir enn om ungar og vaksne kjem seg ut og kosar seg på isen. Han har på eiget intiativ teke på seg å sjekka isen på vatna rundt om i Os.

- Her på sørenden av Ulvenvatnet er det no meir enn 30 cm tjukk stålis, fortel Lepsøy.

Fredag var Lepsøy på vatnet og tok fleire stikkprøvar langsmed land.

- Utpå har eigentleg isen vore trygg heilt sidan jul, men i mildeperioden har han sluppe innmed land, difor har eg ikkje kunne seie at isen har vore trygg før no når det har fryst på att, seier Lepsøy.

Sperra med kvistar

Då Midtsiden.no møtte Lepsøy fredag hadde han nettopp sett opp buskar tvers over isen oppmed brua som kryssar vatnet.

- Under brua er det ikkje trygt på grunn av saltet som brukast på vegen. Difor har eg markert med buskar slik at folk ikkje går innunder der.

Han fortel at så lenge folk respekterar buskane skal dei vera trygge. Han har ikkje kontrollert nordenden av Ulvenvatnet då det av erfaring er lite brukt.

Banktjønna trygt til veka

Om vêret held seg med kuldegradar gjennom helga og utover i veka reknar Lepsøy med at også Banktjønna kan klassifiserast som trygt før vinterferien.

- Utpå er Banktjønna òg trygt, men innmed land ved flytebrygga mot Byvegen kjem det ein liten bekk som gjer at det tek lengre tid før det frys på, forklarar Lepsøy.

Difor har han ikkje lyst til å "friskmelda" det vatnet riktig enno.

Han reknar òg med at dei andre vatna i Os som pleiar å vera trygge er det no, men minnar folk på at dei har eit eiget ansvar å sjekka om det er trygt.

Vis isvett!

(Kjelde: Norsk Folkehjelp)

  1. Den mørke, gjennomsiktige stålisen må vera minst 10 cm tjukk
  2. Den gråkvite, porøse snøisen må vera minst 20 cm tjukk
  3. Sjølv om isen har god bereevne, hald deg vekke frå:
    1. Utløp av elver og bekker
    2. Trange sund
    3. Kloakkutlaup
    4. Langs brygger og kaiar
    5. Langs strender med vekslande vasstand – spesielt regulerte vatn
    6. Strandområder med siv og planter
  4. Går du gjennom isen - leit deg fram til der isen er mørkast – der er det ope vatn. For å kom opp bruk det du har for handa av spisse gjenstandar til å hogga tak i isen. Hjelp til med kraftige spark
  5. Om andre går gjennom isen - få tak i noko som kan skyvast ut til vedkomande, f.eks. ein staur, busk, ski, stavar eller ein jakke. Ikkje gå oppreist, ak deg fram på magen og skyv gjenstanden framfor deg til den går i vatnet. Er det fleire på isen så lag ei lenkje ved å halda kvarandre i beina og ak fram for å redda den som har gått gjennom.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.