Lokal | 27. apr. 2012

Tulipanar til park

Laurdag held Lions sin årlege tulipanaksjon. I år blir barn og unge støtta med bidrag til rullepark i Strøno.

Tulipanar til park
Laurdag kan du støtta Lions sin tulipanaksjon til inntekt for rullepark ved Nore Øyane Skule. Tulipanane blir levert av Lyssand Gartneri (fotomontasje: Kjetil Vasby Bruarøy/Nore Øyane Skule)
Andris Hamrefredag 27. apr. 2012 08:48

For tre år sidan skreiv 4. klassingen Vetle Chyba Norstad eit personleg brev til ordføraren i Os kommune. Der bad han om kommunal medverknad til å bygga skatepark på Nordstrøno.

Vetle fekk etter kvart svar frå ordføraren der han orienterte om eit bidrag frå formannskapet på kr. 10.000,-. Med dette som utgangspunkt gjekk skulen i gong med arbeidet. No går Vetle i 7. klasse og har i desse åra stått på kvar dag for å realisera draumen om ein rullepark på Strøno.

-Omgrepet rullepark er komen inn undervegs i arbeidet. Dette fordi dette skal vera ein park kor ikkje berre skateboarda skal få utfalda seg, men òg syklar, rulleskeiser med meir, fortel rektor Børge Lunde ved Nore Øyane skule.

Får støtte frå Lions

Laurdag held Lions sin årlege tulipanaksjon kor inntekta skal gå til prosjekt i nærmiljøet til den lokale Lions gruppa.

- I Lions Os har vi dei siste åra hatt fokus på barne- og ungdomsarbeid som primært ikkje blir fanga opp av organisert idrett som handball og fotball, fortel Franzie Lerch.

- For tre år sidan kontakta vi Tom Leonsen på kommunen. Han fortalde at ein gjerne skulle ha rusta opp skateparken på Kuventræ. Med dei 10 000 kronane vi samla inn fekk vi ballen til å rulle og ein park til 400 000 kroner lot seg realisera.

- Vi såg at områder for uorganisert aktivitet var noko som gav mykje, og kor pengane kom vel med. I fjor tok vi difor igjen kontakt med Leonsen og fekk veta at dei på Halhjem var i gang med planar om ein park.

I ferd med å setja ny rekord allereie

Lions Os bestemde seg for at dei ville støtta og fekk inn 20 000 kroner til Switch Skatepark ved fotballbana på Halhjem.

- Denne gongen har vi bestemt oss for å støtta prosjektet i Strøno og draumen til Vetle Norstad.

- Eindel av aksjonen går ut på å selje tulipanar til bedrifter i nærområdet. Sjølv om eg ikkje har tala klare enno, så er vi allereie i ferd med å slå alle rekordar, fortel Lerch.

Kortreiste tulipanar

Tulipanane er av det kortreiste slaget, produsert hos Lyssand Gartneri på Skeie.

- Det er kjekt å kunne nytta lokale leverandørar til aksjonen. Lyssand leverar så vidt eg veit tulipanar til heile sør-Noreg.

Nær 1 millionar tulipanar håpar Lions Norge å klare å selja i løpet av aksjonen. I Os treff du representantar mellomanna i sentrum og på dei to Rema 1000 butikkane laurdag.

- Gir du 100 kroner til aksjonen, kvitterar vi med ein bukett tulipanar.

- Hjelp Lions å hjelpa, oppfordrar Franzie Lerch.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.