Politi | 27. mars 2026

Tull i trafikken – feststøy frå gjengangar

Sjåførkort og førarkort var manglar på E39 i går. Så fekk politiet klage frå eit «fast» nabolag.

Tull i trafikken – feststøy frå gjengangar
Vegvesenet avdekka feil med utanlandsk sjåførakort, UP stoppa ein annan sjåfør som mangla førarkort. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. mars 2026 09:26

Torsdag formiddag blei eit utanlandsk vogntog stansa i kontroll av Statens vegvesen ved Svegatjørn kontrollplass langs E39.

– Grunna feil med sjåførkortet måtte førar parkera. Forholdet er meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Same formiddag blei ein førar stansa og kontrollert på Halhjemsvegen av utrykningspolitiet.

– Det viste seg at førar, ein mann i 30-åra, ikkje har gyldig førarkort.

Han måtte òg parkera.

– Det blir naturlegvis oppretta sak på forholdet.

Natt til fredag kom det klage på høg musikk frå ei adresse rett utanfor Os sentrum.

– Ein patrulje køyrde ut til adressa. Vedkomande fekk pålegg om å halda nattero.

– Støy har vore eit gjentakande problem på denne adressa. Vi vurderer nye tiltak og å oppretta sak om dette skjer igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om