Lokal | 07. mai 2010

Tullete tauing

Trugande ungdom, funn av tjuvgods og uansvarleg tauing av bil.

Tullete tauing
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. mai 2010 13:22

Sykkelen som blei stolen utanfor Rimi i Os sentrum tidlegare denne veka er funnen igjen.

- Eg møtte patruljen på Os. Då hadde dei vore hos ein kjenning og sett, men ikkje funne den. Men dei visste om andre stadar å leita, og heldigvis fann dei sykkelen uskadd, seier faren til den unge dama som truleg kjem til å låsa sykkelen neste gong ho skal eit kort ærend på ein butikk.

- Politiet gjorde ein god jobb. Sykkelen kosta 8000 kroner, og vi hadde truleg ikkje fått noko igjen på forsikringa sidan den ikkje var låst.

Tilbake i fengsel
Dagen etter at ungdomen kom ut av fengsel oppførte han seg så trugande at han blei taua rett inn igjen.

- Han blei først kjørt til institusjonen han bur på, men der hadde han vore så trugande mot dei tilsette, og i tillegg gjort skadeverk på ein bil, så då blei han tatt med til arresten, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Meldt etter tauing
Ein bil som slepte ein annan bil på Halhjemsvegen i går vekte reaksjonar.

- Vi fekk ein telefon om tauinga, som ikkje såg forsvarleg ut, og rykte ut. Det finst visse reglar for sleping av bil, og løysinga desse hadde valt var dårleg at dei blir meldt for forholdet.

Bilane hadde kjørt gjennom Os og skulle vidare med ferje frå Halhjem. Resten av turen til bilen som ikkje er kjørbar må nok gå på eit lasteplan.

- Russen må tenka seg om
Dei siste dagane har russen vore i aktivitet i og rundt Os sentrum. Lensmannen har fått nokre meldingar om episodar som har gått ut over uskuldige, og åtvarar russen mot å ta spøken for langt.

- Om det dei held på med går ut over andre, og det oppstår situasjonar som blir meldt til politiet, så må vi ta det på alvor, seier Dalen.

Brått kan noko som først såg gøy ut bli ein prikk på rullebladet som kan stikka kjeppar i hjulet for enkelte typar framtidsplanar russen måtte ha.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.