Tung start på båtsesongen
Brannvesenet kjenner verken årsak eller eigar - men gav tilsnakk til sjefen sin (!).
Fredag i 8.30-tida fekk brannvesenet tips om ein båt som flaut tungt i sjøen i marinaen ved Os Sjøfront og Oseana.
Båten, ein Uttern bow rider med 90 hk Mariner, hadde sokke ned til fenderlista, men blei effektivt lensa tom.
Den hadde ingen synlege ytre skader, og det er stille og fint vêr i Os om dagen.
– Eg veit ikkje kva som er årsaka, men det er jo mogleg at sjølvlensinga er tett. Kjem det nok vatn om bord kan dreneringa gå feil veg og båten tar inn sjøvatn, seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen.
Brannvesenet vil prøva å finna ut kven som eig båten, for å varsla.
Bil sperra for utrykking
I mellomtida var varabrannsjef Arne Monsen like opptatt av at ein bil sto parkert på moloen, og hindra brannvesenet i å koma heilt fram til den aktuelle brygga.
– Hadde vi hatt ei drukningsulykke no, så kunne denne forseinkinga vore alvorleg.
Så kom bileigar, rådmann Christian Fotland, springande.
Han fekk ei venleg irettesetting, men samtidig ei takk, då det var han som varsla om båten som trengte assistanse.
– Eg skal selja båten min i dag, og ventar på kjøpar, som kjem frå Stavanger, fortel rådmannen om ærendet og den litt uheldige parkeringa på moloen.
Dei med båtplass og ærend i hamna har lov å køyra til bryggene for lasting og lossing av utstyr.