Turbokveld i Oselvar

Turboklubben til Os Turlag fekk møte med både nasjonalbåten og ein småhissig hamnesjef då Oselvarlaget inviterte til roing i Oselvo.

Stor var spenninga og gleda då ungane i Turboklubben skulle få testa Oselvaren tysdag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. mai 2017 09:39

Bildeserie:

Geir Jonassen hjalp til, også med båtbygging (foto: André Marton Pedersen)
Turboklubben fekk prøva Oselvar (foto: AH)
Ungane sto pent i kø og venta på plass i ein av dei fem båtane (foto: AH)
Geir Jonassen organiserte passe med vaksne og born i kvar båt (foto: AH)
Litt informasjon og instruks før Turboklubben entra båtane (foto: AH)
Fleire fekk freista å ro for første gong (foto: André Marton Pedersen)
Det kan vera tungt nok det (foto: André Marton Pedersen)
Hamnesjefen passa på kona og egga lengre opp i elva (foto: André Marton Pedersen)
Men det hindra ikkje turboane frå å kosa seg i båten (foto: André Marton Pedersen)
Tilbake på land serverte Oselvarlaget Cold Cat og hot dog (foto: André Marton Pedersen)
Før det blei snekring av eigne båtar (foto: André Marton Pedersen)
Det kan jo vera greitt å få litt hjelp med hammaren (foto: André Marton Pedersen)
Geir Jonassen hjalp til, også med båtbygging (foto: André Marton Pedersen)
Turboklubben fekk prøva Oselvar (foto: AH)
1 av 12

Tysdag kveld yra det av små, og litt større, ungar i og rundt Oselvarnausten. Bakgrunnen var at Geir Jonassen og Oselvarlaget hadde invitert Turboklubben til turlaget på båttur.

– Vi har tenkt at de skal få ro ein litt lengre tur seinare, men i dag skal de få testa Oselvaren, som er heile Noreg sin nasjonalbåt, litt oppover Oselvo. Det er fint om de vaksne startar med å ro, så slepp de ungane som har lyst til å prøva etterkvart, innleia Geir Jonassen då han ønskja velkomen.

Hissig hamnesjef

André Marton Pedersen fortel om ei stor oppleving for dei turglade ungane.

– Både små og store storkoste seg. Dette blei ein super kveldsstund, kor mange av ungane fekk prøve å ro for første gong.

– Vi blei òg angrepen av sjølvaste Hamnesjefen, som vokta egga lengre opp i elva, men det gjekk heilt fint, fortel han.

Cold Cat og hot dog

Tilbake på land, i Oselvarnaustet, serverte Jonassen Cold Cat og hot dog.

– I tillegg til at dette var ein fin måte for ungane å bli kjend med oselvaren og den stolte tradisjonen vi ber med oss i bygda, så fekk dei utfalda seg kreativt med å spikra eigne trebåter tilbake på land.

– Vi set utruleg pris på at Geir og Oselvarlaget inviterte oss med på dette, avsluttar Marton Pedersen, som legg til at over sommaren er Turboklubben open for alle born som vil vera med. Turane er ikkje berre i Lysefjorden, kor klubben har sitt utspring, men i heile Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.