Hans Parnefält, Staur Gård, Vikingskipet og gjengen som reiste til Inzell i februar. (Foto: KVB/staur.no/vikingskipet.com)

Turen til skøyte-VM 2020 er allereie fullteikna

– Vi har klart å få plass til 57, i tillegg har vi folk på venteliste og fleire som vil sitja på tribunen med oss, seier Hans Parnefält.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter suksessen med tur til skøyte-VM i Inzell i februar, fortalte vi i slutten av mars om ny skøytetur frå Os til VM, denne gong til VM i Vikingskipet siste helga i vinterferien 2020.

Os Travel, i samarbeid med Midtsiden og supporterleiar Tore Kleppe, har hyra Staur Gård i Hamar, med sengeplass til 56 personar.

– Det ser ut som om vi trefte godt med denne, både med timinga og opplegget, seier Hans Parnefält frå Os Travel.

Responsen var god og i løpet av påsken blei turen fullteikna.

– Dette er heilt fantastisk! Det var gøy i Inzell, men at vi skulle få nesten tre gongar så mange med til Hamar, på så kort tid, var overveldande, synest Hans.

– No skal det bli solid støtte til Sverre, Sindre Håvard og resten av dei norske skøyteløparane!

Har sikra fleire sete på same tribune

Staur Gård var kirkegods under Hamar-bispen frå 1577 og krongods frå 1600 til 1660. Så var den privateigd til 1960, då den blei selt til Staten. Eigedomen er på 1000 mål og blir driven av Staur Gård AS.

– No blir det ein rein «Os-Farmen» under skøyte-VM?

– Ja, nærmast. Vi har fått auka kapasiteten på eit rom eller to, så vi er no oppe i 57 plassar. Dei fleste er frå Os, blant anna fleire som var med til Inzell, men det har òg kome påmeldte frå Fusa, Kvam og Bergen, dei frå Bergen med etternamn frå Os. I tillegg har folk byrja å plassera seg på venteliste.

– Det har kome positive tilbakemeldingar på at vi var tidleg ute. No kan folk gle seg lenge.

Staur Gård ligg 60 minutt frå Gardermoen og 10 minutt med buss frå Hamar, i idylliske omgjevnadar ved Mjøsa.

– Set folk òg pris på at det blir fly og ikkje buss?

– Nokre av dei som har bestilt overnatting skal køyra sjølv, men dei fleste vil ta fly samla, og vi fyller òg ein buss internt til og frå flyplassen og til og frå Vikingskipet frå dag til dag. Sidan vi flyr sparer vi ei overnatting, så prisen hadde ikkje blitt mykje lågare med buss tur-retur Os-Hamar.

– Nokre grupper på til saman over 20 personar, som frå før hadde ordna seg overnatting, har spurd om billettar i same del av tribunen som oss. Eg har halde av 90 billettar, til no er vi nesten 80 frå Os og nabokommunane som skal sitja saman. Om dei siste ti billettane ryker fort, kan eg nok få reservert endå fleire.

Fleire saker