Lokal | 07. jan. 2021

Turgåar henta med hundepatrulje

– Han svingte feil på veg til Høglikampen.

Turgåar henta med hundepatrulje
– Det er mange løyper rundt Høglikampen, og lett å gå feil, seier Hellesund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. jan. 2021 20:29

Torsdag klokka 17.23 blei politiet kontakta av ein turgåar som hadde gått seg vill.

– Han hadde gått opp frå Hovland og var på veg til Høglikampen, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund til Midtsiden.

Ein stad på vegen hadde han svingt feil og hamna ut i terrenget. Mannen fann ikkje tilbake til stien.

– Han stoppa heldigvis mens leiken var god, og hadde gode klede og bra med batteri igjen på mobiltelefonen.

Politiet rykte ut med hundepatrulje. Dei hadde med seg GPS og rikeleg med lys.

– Hundeførar fann mannen utan problem. Han var uskadd og har no kome ned igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.