Lokal | 25. nov. 2018

Turgåar skadd på Lyshorn

ATV-en var med, men Os brann og redning måtte til fots for å assistera ambulansepersonell.

Turgåar skadd på Lyshorn
Bilane kom eit stykke opp, men redningspersonellet måtte gå nokre hundre meter til fots. (Foto: Os brann og redning)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. nov. 2018 20:21

Søndag i 15-tida rykte ambulanse ut til Lyshorn på melding om skadd kvinne i fjellet. Kvinna skal ha vore i turfølgje med fleire.

Os brann og redning blei kalla ut for å assistera.

– Samhandling mellom nødetatane er ein fordel. Dette fungerer heldigvis godt i Os, seier brannsjef Stein Gjøsund.

ATV-en var med, men stien vidare var bratt og gjennom tett skog der landcruiseren stoppa.

– Det blei eit stykke å gå, men vi hadde heile vaktlaget på fem personar ute. Erfaring frå førre aksjon, då vi var på Linken, gjorde at vi tok med nok mannskap til å rullera.

– Det kan vera krevjande å gå med båre i terreng, særleg når det er fare for glatte parti, fortel Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.