Kultur | 05. jan. 2017

Turglade osingar tar ferien på nye fjell

Os Reisebyrå fortel om stor auke i reise til sørlege fjellturar, både for grupper og individuelle reisande, i alle aldrar.

Turglade osingar tar ferien på nye fjell
Peneda-Gerês National Park nord i Portugal er blant dei populære reisemåla Os Reisebyrå sender turglade osingar til. (Foto: Portugal Green Walks)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. jan. 2017 11:35

Bildeserie:

Pitões das Júnias walking trail, Peneda-Gerês National Park. (Foto: Portugal Green Walks)
Pitões das Júnias walking trail, Peneda-Gerês National Park. (Foto: Portugal Green Walks)
– Nokre gongar er turen målet, mens andre vil oppleva historie og kultur. (Foto: Portugal Green Walks)
– Nokre gongar er turen målet, mens andre vil oppleva historie og kultur. (Foto: Portugal Green Walks)
Til Cuba i november? Desse hyttene ligg ein time utanfor Havana. (Foto: Veronica S. Halhjem)
Til Cuba i november? Desse hyttene ligg ein time utanfor Havana. (Foto: Veronica S. Halhjem)
Cuba: Ikkje alle reisene handlar om like mykje gåing. (Foto: Veronica S. Halhjem)
Cuba: Ikkje alle reisene handlar om like mykje gåing. (Foto: Veronica S. Halhjem)
Os Reisebyrå får hjelp av nordmenn på Cuba til reisa dei set opp seinare i år. (Foto: Veronica S. Halhjem)
Os Reisebyrå får hjelp av nordmenn på Cuba til reisa dei set opp seinare i år. (Foto: Veronica S. Halhjem)
1 av 5

Aktiv ferie har vore i vinden i fleire år, men treng ikkje å bety dykking, fallskjermhopping eller ekspedisjonar til dei høgaste fjelltoppane.

– Nordmenn generelt, og ikkje minst osingane, liker å gå tur i fjellet. Mange av desse vel no å legga ferien til destinasjonar med fint turterreng, anten dei vil gå med eller utan guide, fortel Annlaug Askeland hos Travelnet Os Reisebyrå.

Saman med kollega Britt Halhjem, som begge sel gruppereiser, ser dei tilbake på eit godt reiseår i 2016.

– Enkelte vil gå frå fjellandsby til fjellandsby og éi til to netter per stad, andre vil bu ved stranda, på same hotell heile veka, men ta fleire dagsturar i løpet av opphaldet, fortel Britt.

– Vi sender mange på fjelltur i Portugal, Spania, Frankrike og Italia. I slutten av april i år har vi sett opp ein åttedagarstur til Kreta med fem dagsturar i fjellet.

Det å gå kan vera målet

Blant turpakkane er både gruppereiser og turar som er opne for individuelle, for eksempel eit ektepar eller ein familie, at du ikkje er avhengig av å vera ein stor gjeng.

– Nokre turar går til bygningar eller historiske stadar, gjerne ei pilegrimsreise, der kunnskapsrike lokalguidar er ein viktig del av opplevinga. Andre turar er det sett opp ei rute med overnattingsstadar, men folk går på eigahand og har lokal assistanse, for eksempel med transport av bagasje.

– Ofte er det ikkje eit bestemt mål, berre det å gå og nyta naturen, sjå nye fjell og å besøka små landsbyar du elles ikkje ville besøkt på ein vanleg chartertur.

Fleire stadar kan du sjølv velja kor lang eller hard turen skal vera.

– Vi har fleire eldre òg som tar desse turane. Nokre går opp fjellet og innover fjellet, andre blir køyrd til toppen og går ned igjen til kysten, eller tar korte dagsturar frå plass til plass oppe i fjella.

Eksotiske Cuba - og Skottland

Det er nokre år sidan ordinære sydenturar var blant dei viktigaste varegruppene hos Os Reisebyrå, men det er framleis ein del som vel å bruka byrå framfor å bestilla på nett.

– Enkelte liker å ha ein lokal kontaktperson, ein del faste kundar ringer oss med det same ein turoperatør legg ut neste sommar for å sikra seg ei reise, gjerne eit bestemt rom på favoritthotellet.

– Andre skal gjerne feira bryllaup eller ein 60-årsdag, og ha fleire familiar som reiser saman, kanskje frå ulike byar. Då kan det bli komplisert å vera reiseleiar og greit med eit byrå som tar koordineringa og finn dei beste prisane.

Ved sidan av typiske aktive feriar set Os Reisebyrå opp ulike turpakkar. I år jobbar dei blant anna med ei rundreise i Skottland som endar på Military Tattoo i Edinburgh i august. I november går turen til Cuba (som i år er utan Castro bak roret).

– Vi har ein norsk kontaktperson i resielivsbransjen som bur på Cuba, som hjelper oss med å setja opp ein spennande tur. Vi har òg osingar som har vore på Cuba i fjor som gjev oss tips gode plassar å besøka, fortel Britt og Annlaug om den komande turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.