Lokal | 27. feb. 2020

Turistar køyrde utfor på Rød

... og i Sørstrøno har eit vogntog køyrd seg fast på glatten.

Politiet rykte ut til Rød i dag tidleg. Her frå utforkøyring i starten på mars i fjor. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. feb. 2020 08:18

Klokka 05.49 torsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hegglandsdalsvegen.

– Bilen skal først ha køyrd i autovernet, så i ein lyktestolpe, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var fire personar i bilen. Dei er utanlandske turistar på veg til Preikestolen.

– Ambulanse var på staden, men alle var uskadde. To personar sat på med bergingsbil frå staden.

– Det står òg notert ein annan bil som skal vera involvert. Den kom køyrande bak, og har truleg vore borti bilen som køyrde utfor. Det er ikkje oppretta sak, partane fylte ut skadeskjema på staden.

Sto fast i Sørstrøno

I 8-tida i dag køyrde eit vogntog seg fast i Sørstrøno.

– Det er 17 meter langt og lasta med nokre rør, truleg til fiber som endeleg blir lagt i området, seier ein tipsar.

– Vi har hatt minst like store bilar inn her før, men denne missa litt i ein sving.

Ein annan nabo skal ha kome med traktor for å prøva å hjelpa å få hengaren på vogntoget ut på vegen.

Det har snødd frå onsdag kveld til i dag, og det er vanskelege køyreforhold fleire stadar.

Vogntoget feilberekna svingen og blei ståande fast. (Lesarbilde)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.