Debatt | 10. aug. 2025

Tusen takk frå oss i festivalstyret!

Me sit igjen med ei kjensle av rein takknemlegheit.

Tusen takk frå oss i festivalstyret!
Festivalstyret, f.v.: Tommy Aasen, Ivar Bøthun og Torbjørn Hjelle, under rigging i 2024. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggsundag 10. aug. 2025 21:18

For ei helg det vart! Når me no pustar ut etter årets Øyafest, sit me igjen med ei kjensle av rein takknemlegheit. Dette hadde me aldri klart utan dykk – alle frivillige, sponsorar, samarbeidspartnarar og alle som kom og var med på festen.

Me set utruleg stor pris på at folk i bygda – og langt utanfrå – stiller opp, både for å bidra og for å vere publikum. Det betyr meir enn de kanskje trur.

Takk til deg som bar bord og benkar. Takk til deg som stod bak disken med eit smil sjølv om du var sliten. Takk til deg som passa på at alt gjekk trygt og greitt føre seg, og til deg som kom med båt, bil, verktøy, gode råd – eller berre godt humør. De er gull verdt!

Ein stor takk til sponsorane våre – både dei trofaste som er med år etter år, og dei nye som har valt å støtte oss. Det er ein styrke for festivalen at me har brei støtte frå mange ulike bransjar, både i heile kommunen og frå område utanfor.

Denne tilliten og breidda er avgjerande for at me kan skape den ramma og stemninga som gjer Øyafest til noko heilt spesielt – og som alle kan vere med på, uansett alder.

Me set òg stor pris på samarbeidet med kommunen, brannvesenet, ambulanse, Røde Kors og politi. Med dykk på laget kan me vere trygge på at festivalen blir gjennomført på ein trygg, profesjonell og god måte til glede for alle.

Øyafest er meir enn musikk.

Det er fellesskap, dugnadsånd og kjærleik til bygda vår. Når me står saman, får me til ting som ingen av oss kunne gjort åleine.

Difor satsar me allereie no mot neste år – og me gler oss til å lage nye minner saman med dykk!

På vegner av festivalstyret,
Ivar, Torbjørn og Tommy

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.