Lokal | 18. mai 2016

Tysnes sa nei

Kommunestyret i Tysnes har nettopp sagt nei til å gå vidare med prossessen rundt kommunesamanslåing. No startar kommunestyra i Os og på Fusa.

Tysnes sa nei
Ordførar Kåre Martin Kleppe (lengst frå kamera) fekk ikkje med seg kommunestyret i Tysnes på å gå vidare med prosessen rundt kommunereforma (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 18. mai 2016 15:05

Tysnes starta sitt kommunestyremøte klokka 16, ein time før kommunestyra i Os og på Fusa.

– I dag skal vi ta stilling til prosessen vidare. Vi skal ikkje seie ja eller nei til samanslåing, poengterte ordførar Kåre Martin Kleppe (H) i innleiinga av møtet.

Etter ein times debatt blei alternativ 1 (gå vidare med prosessen og gjennomføra hørying blant folket) satt opp mot alternativ 2 (avslutta prosessen).

Alternativ 2 fekk fleirtal med 13 røyster (Ap, KrF, Sp) mot 8 (H, V, Frp).

– Eg er sjølvsagt skuffa for at vi ikkje ville høyra folket, kommenterte Kleppe rett etter at røystinga var avslutta i følgje TV-sendinga til Tysnesbladet.no .

Ordførar Terje Søviknes orienterte kommunestyret i Os om utfallet i Tysnes i starten av dagens kommunestyremøtet i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.