Dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tysnesfest - to dagar før start

Status: Billettsalet, båthamna, overnatting og justering i programmet.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor passerte Tysnesfest 30.000 gjestar for første gong, ny publikumsrekord er på svimlande 32.233!

– 2017 var hinsides, men vi ligg godt an i år òg, seier dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest, Øystein Vaage til Midtsiden.

– Vi ligg langt framfor 2016, og ganske nær tala frå før festivalstart 2017.

I fjor blei fredagen utselt (7.200 på Gjerstad) for første gong. Den kan bli utselt i år òg.

– Blant dagspass har fredagen selt best til no, det ser ut som om Smokie og The Prodigy lokkar mange til Tysnes i år. Men no kjem laurdagen etter.

Dessutan er det fleire arrangement utanom hovudarenaen som sel godt.

– Til kyrkjekonserten er det berre rundt 20 av 400 plassar igjen, den andre av fire turar til Solstråleøya er utselt, den første er nesten utselt den òg.

Nye artistar og finare vêr

Vêrmeldingane er gode og viser lettskya og 16-20 gradar frå torsdag til søndag. Vêret var fint i fjor òg, fram til dei siste timane laurdag, då vinden blei så kraftig at sistemann på scenen, Alan Walker, ikkje fekk spela. Walker kjem tilbake i år, men ein annan artist har måtta melda avbod.

Før helga måtte den britiske stjerna Elvis Costello, etter operasjon grunna kreftsjukdom, melda avbod. På under 24 timar henta Tysnesfest inn Sondre Justad og Hellbillies som erstattarar.

• Sjå delar av programmet oppsummert nedst i artikkelen.

Auka kapasitet på overnatting

Fleire hundre teltplassar er booka, festivalcampen er allereie halvfull og bubilcampen er nesten fullbooka.

Skuleskipet Gann kjem ikkje til Tysnes som flytande hotell i år. Nytt overnattingstilbod denne festivalen er podtown, mobile, kompakte hotell.

– Podtown er fullbooka, men det kan sjå ut som om tilbydaren klarer å få tak i endå fleire modular. I så fall blir desse lagt ut for sal ganske snart.

I fjor la Tysnesfest om vilkåra i båthamna. Brannsjefen ville ha redusert tal på båtar i hamna, og festivalen stilte krav om at alle med båt, og alle som overnatta i båt, måtte ha festivalpass.

– Vi bruker over ein million kroner på å bygga festivalhamn, då synest vi det er mest rett at dei som gjestar festivalen blir prioritert.

I 2016 var det rekord med 492 båtar. I fjor sette dei tak på 370 båtar og hadde 368 båtar med betalande gjestar på besøk.

I år har dei lagt litt om på prissystemet frå i fjor.

– Snittet var 3,2 gjestar per båt. No er prisen lågare per båt, men høgare per overnattande gjest. Er det tre eller færre, utanom båteigar, er prisen lågare. Er det fire eller fleire er den noko høgare enn i fjor.

Utdrag av programmet - dag for dag

Onsdag
• Motbakkeløp og utandørs kino
• Konsert med Kari Bremnes på Solstråleøya
• Konsert med Helge Jordal og Good Time Charlie

Torsdag
• Yoga, barnekonsertar, klovnebesøk, tur med RIB og konsert med BigBang på toppen av Tysnessåto
• Statsraad Lehmkuhl kjem! Det gjer òg Ausekarane
• Gjerstad arena byr på: Symra, Amanda Delara, Adam Douglas, Lissie, Gunslingers, Bigbang, OnklP og Oslo Ess

Fredag
• Marknadsdag, golfturnering, sykkelshow (trial), sjørøvarcruise og kassabilløp
• Konsertar og mat om bord på Statsraad Lehmkuhl
• Gjerstad arena byr på: I am K, Trang Fødsel, Susanne Sundfør, Miss Tati, Sushi X Kobe og The Prodigy.

Laurdag
• Marknadsdag, utstilling av veteranbilar, helikopterturar og sykkelshow.
• Ta sjansen i Våge hamn. Teaterframsyning av Aladdin (Nye Fyllingsdalen Teater)
• Dagtidkonsert med Morgan Sulele og Kyle Alessandro på lekteren i hamna.
• Gjerstad arena byr på: Derin, Lucky Chops, Dagny, Hellbillies, Sondre Justad, Gåte og Alan Walker

Søndag
• Dagen-derpå-gudsteneste
• Guida busstur
• Konsert med Ingebjørg Bratland (sjukeheim og kyrkje)

Fleire saker