Lokal | 11. jan. 2012

- Uaktuelt å betala

"Svindelforsøk" blir stadig meir forseggjort. Os Venstre fekk "avtale" der dei skulle betala nær 8000,- kroner for ei meiningslaus internettoppføring i Spania.

- Uaktuelt å betala
Avtalen kom i posten direkte til Terje Hatvik. I bakgrunnen skjermskot av oppføringa i registeret (fotomontasje: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2012 10:45

Internettkatalogar som freister å få små firma og organisasjonar til å betalta dyrt for ei meiningslaus oppføring er ikkje noko nytt fenomen. I helga fekk leiar i Os Venstre Terje Hatvik brev med ei ferdig utfylt avtale kor han skulle signera på at dei ville ha ei oppføring til 997 Euro (7633 norske kroner etter dagens valutakurs).

- Eg betalar ikkje nær 8000 kroner for noko som berre er tull, slår Hatvik kontant fast.

Avtalen som gjeld for to år syner til ei nettside kor oppføringa står. I tillegg skal annonsørane få tilsendt ein CD-rom med heile registeret som dei kan få nytta.

Fleire frå Os

Eit søk på nettsida syner at fleire små firma og friviljuge organisasjoner i Osbygda som står oppført og som truleg får, eller har fått, ei tilsvarande avtale tilsendt som Hatvik fekk.

- Dette er berre tull, eg håpar ingen går på dette, åtvarar Hatvik.

- Hadde vi skulle laga eit lokallag av Venstre i Valencia og hatt behov for ei oppføring så hadde det i allefall ikkje vore eg i lokallaget på Os som skulle hatt rekninga. Det ville sjølvsagt vore heilt naturleg at det hadde gått via hovedorganisasjonen i Oslo, seier lokallagsleiaren.

Utspekulert

Sjølve avtala er utforma på ei utspekulert måte. Øvst i brevet ber dei deg sjekka grunnopplysningane som namn, adresse og telefonnummer. Om du har endringar på desse kan du gå inn på nettstaden og retta dei.

Samstundes står det at avtalen skal returnerast i vedlagte svarkonvolutt. Men det er berre om du vil ha fleire opplysningar med i oppføringa og er villig til å betala 997 Euro står det i ei lang remse av tekst med fleire atterhald og føresetnader.

Om du ikkje stadfester opplysningane "trugar" selskapet med å sletta deg frå registeret. Noko som truleg er den beste løysinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.