Sport | 05. sep. 2010

Uavgjort i «Battle of bygdo»

Det blei 2 - 2 i «Battle of bygdo» då gutelaga til Os og Nore Neset møttes på Kuventræ sundag. Sjå bilder og video.

Uavgjort i «Battle of bygdo»
Andris Hamresøndag 05. sep. 2010 20:34

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli "fan" av midtsiden på facebook og sjå fleire bileter

Sist dei to laga møttes i seriekamp vann Os 4 – 0. Sundag kveld ville Nore Neset det annerleis.

- Det var mykje kjemping og lite spill i dag, sa Os-trenar Vidar Bahus etter kampen.

Dei to laga kjenner kvarandre godt, både frå skulen og andre fritidsaktiviteter. Difor er det alltid knytt stor spenning når dei møtast.

Sundag kveld hadde omlag 200 funne vegen til Kuventræ. Det er artig at gutelaga trekk fleir til tribunen enn det A-laga klarer.

Ein mann utvist
5 minutt før pause får Os utvist Fredrik Heggland etter at han fekk sitt andre gule kort. Situasjonen var omdiskutert. Sjå videoen nedanfor og gjer deg opp di eiga meining.

Dommaren meinte at Fredrik starta mot ballen før frisparket var tatt.

Med ein mann mindre på banen skulle Os få det tøft, men dei kjempa på.

- Eg synes dei var betre etter at dei vart redusert til ti mann, seier Nore Neset sin to-målsscorar Egil Thuen.

Jamt, bytta på å leie
Os starta scoringsballet med å setta inn ei straffe tidleg i omgangen. Også den var ikkje laga heilt einige om.

Ikkje mange minutta etter kjem hurtigtoget Egil Thuen gjennom på ei kontring og gjer at det står 1 – 1 til pause.

Andre omgangen startar Nore Neset best, og igjen stormar Thuen gjennom Osforsvaret og fører Nore Neset opp i føringa.

Ei perle
Utligninga kjem etter ei frisparkperle av dei sjeldne frå Johannes Jordal. Frå omlag 20 meter skrur han ballen rundt muren og inn nede i det korte hjørnet. Utagbart for Henrik Tiger Sandtorv i Nore Neset-målet.

Nore Neset var nærmast ein siger etter skot i tverrliggeren og ei annulert scoring.

Os – Nore Neset 2 – 2 (1 – 1)
Gule kort: Os 3, Nore Neset 3
Rødt kort: Os 1

Os sitt lag: Martin Tysseland, Morten Havsgård, Jan Ole Johannessen, Kristian Lyssand, Even Olsen, Håkon Kvittingen, Fredrik Heggland, Johannes Jordal, Glenn Krossøy, Isak Røen, Ørjan Glesnes, Joacim Berthelsen, Espen Borgen, Tord Eiken.

Nore Neset sitt lag: Henrik Tiger Sandtorv, Egil Thuen, Lars K. Bruarøy, Johan Nydal, Thomas Olsen, Johannes Risbakk, Ibrahim Alami, Kristian Røttingen, Ole M. Øvstedal, Tor Erik Aasen, Alexander Kleppe, Steffen Ludvigsen, Jakob Bjørnevik, Ruben Grindevoll, Robin Eikeland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.