Lokal | 19. aug. 2020

Ubåt overraska badande bjørnafjordingar

KNM Utsira besøkte Bjørnafjorden i går ettermiddag.

Ubåt overraska badande bjørnafjordingar
KNM Utsira brautvasskorpa nær badande i Bjørnafjorden i går. (Foto: Bjørn Ingvar Fosen)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 19. aug. 2020 10:56

Bjørn Ingvar Fosen og familien låg i går ettermiddag ute i Bjørnafjorden med båt og koste seg i finvêret. Ut av det blå, og opp frå det blå, vart det fort ein ekstra attraksjon å sjå på.

– Vi låg og bada utanfor Røtinga, midt i Bjørnafjorden, i går kveld. Det var ein idyllisk kveld med niser som viste seg i vasskorpa, og solnedgang rett bakom, fortel Bjørn.

Då ubåten brått dukka opp, var dei raske med å starta båten.

– Ja, det er ikkje så ofte ein får sjå slike fartøy på så nært hald. Vi kasta oss rundt og følgde etter ei lita stund. Han låg utruleg høgt på vatnet, og vi fekk verkeleg sjå godt på ubåten. Eg kjente nok at gutungen i meg vart litt ivrig i går kveld, humrar Fosen.

KNM Utsira er navnet på denne ubåten. (Foto: Bjørn Ingvar Fosen)
KNM Utsira er navnet på denne ubåten. (Foto: Bjørn Ingvar Fosen)

Norsk fartøy på øving

Sjøforsvaret fortel at ubåten er norsk, og var på ei vanleg øving i fjorden.

– Dette er KNM Utsira som i går var på ei heilt normal øving, fortel orlogskaptein og talsperson i sjøforsvaret, Michel Hayes.

– Vi har ei kystlinje i Noreg som er enormt krevjande, og vi er difor utruleg glad for å kunna få øva oss innanfor alt mogleg av utfordringar. Det å kunna få bruka kysten til at han vert til vår eigen fordel er jo viktig, avsluttar Hayes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.