Lokal | 05. sep. 2012

Ueinige i utvalet si rolle

Det blei dels høg temperatur då administrasjon og politiske representantar gjekk i klinsj i Tenesteutvalet onsdag.

Ueinige i utvalet si rolle
Anders Hjelle (framme til venstre) var ikkje nøgd med sakspapira administrasjonen presenterte før møtet i tenesteutvalet onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 05. sep. 2012 15:37

Tenesteutvalet hadde onsdag sitt første møte etter sommaren. Då utvalsleiar Eirik André Hesthammer (Frp) spurte om det var nokre av representantane som hadde merknadar til innkallinga var Anders Hjelle (TvS) raskt frampå.

- Dette er for dårleg. I innkallinga står det berre at all informasjon skal komme i møte. Det gjer det umogleg for oss å førebu oss med gruppemøter kor vi får diskutert gjennom sakene på førehand.

- Vi veit jo ikkje kva informasjon vi kjem til å få og kva som skal diskuterast.

- Eg vil ha det protokollert at slike sakslister som vi har i dag skal ein unngå å presentera for utvalet her etter. Sakene skal vera presentert på ein måte som gjer at vi kan førebu oss, smalt det frå Anders Hjelle.

Frustrasjonen til Hjelle blei delt av Arild Mats Nilsen (Ap) som støtta Hjelle i at saksframstillingane slik dei forelå var for tynne.

Eit diskusjonsforum?

Kommunalsjef Ingvar Torsvik freista frå administrasjonen å svare på utspelet frå Hjelle.

- De får sakar til tenesteutvalet som er så ferske at det ikkje hadde vore mogleg for oss å presentera dei på andre måtar. Skulle sakane har vore ferdigtygde ville informasjonen ikkje vore dagsaktuell.

- For oss i administrasjonen er det viktig å få ein uformell diskusjon rundt sakane og å få innspel frå politisk nivå før sakane blir bearbeidd for endeleg politisk handsaming, hevda Torsvik.

- Det er eit godt poeng frå Torsvik. Det har kanskje vore noko av forcen til utvalet. Dette skal vera ei smie, men samstundes er utfordringa at det blir ikkje ei god smie om vi som politikarar ikkje har fått førebu oss, skaut Helge Olav Nygard (KrF) inn.

Hjelle var ikkje heilt nøgd med svaret frå Torsvik.

- Dette er eit politisk utval kor vi representerer partiet og dei velgjerane som har stemt på oss. Eg representerer ikkje berre meg, men 10-11% av velgjerane i Os. Då må eg ha moglegheit til å førebu meg til møtene.

- Kva Tenesteutvalet skal vera er ein balansegang. Vi skal vera ein sparringspartner for administrasjonen i deira førebuing av saker til formannskapet og kommunestyret, men samstundes skal vi førebu oss med formøter og lignande. Dei signala vi sender herfrå er viktige for administrasjonen, slo utvalsleiar Hesthammer fast.

Inhabil eller ikkje

Problemstillinga blei særs tydelege, og temperaturen steig ytterlegare, då utvalet seinare på programmet fekk presentert status og tala for skulebruksplanen.

- Til forretningsorden. No er eg inhabil fordi eg er ein av entreprenørane som leverar til Os ungdomsskule. Dette blir heilt håplaust i forhold til sakspapira.

- Hadde dette stått i sakspapira kunne eg hatt moglegeheiten til å vurdere inhabiliteten på førehand, forklarte Hjelle.

- Eg er ikkje eining i at du er inhabil. Dette er tal på overordna nivå og ikkje på delentreprisane på ungdomsskulen. Men ønskjer du det kan vi få det vurdert hjå kommuneadvokaten, svara Hesthammer.

- Dessuten er det du og Helge Olav Nygard som har bedt om ei status på skulebruksplanen i kvart møte. Så at den kjem opp under orienteringa frå oppvekst- og kultur bør ikkje koma som noko overrasking.

- Meiner du at eg skulle ha visst at det som ikkje sto på sakslista skulle diskuterast, svara ein indignert Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.