Denne ugla såg død ut, men så opna den augene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ugle fanga i tau frå drake

Den såg livlaus ut heilt til fotoapparatet kom fram. Så starta redningsaksjonen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag i 10.30-tida fekk Os brannvesen melding om ei ugle som hang fast i eit tau.

– Det var 6. trinn ved Os barneskule som gjekk tur i Borgavegen, og som blei tipsa av ei kvinne dei møtte om ugla som hang i tauet, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Læraren varsla brannvesenet, men ugla såg livlaus ut i starten. Kanskje ein fugl grunneigar vil stappa ut? Men då underteikna gjekk nærmare for å ta bilde, opna ugla augene.

Då ugla viste teikn til liv blei det redningsaksjon. Gitle Smaadal brukte ei teleskopstang meint for berging i elv, varabrannsjefen klatra opp i eit tre for å ta imot.

Vellykka aksjon

Ugla blei tatt på bakken, og såg tilnærma uskadd ut etter at tauet var lausna. Den tynne hyssingen hang bak ein drake, som sto fast i eit tre.

Tauet hadde vikla seg godt inn i den eine venga til ugla.

– Vi er glade for at skuleklassen varsla, og for at det blei oppdaga at den var i live, seier Monsen.

Då tauet var fjerna såg ugla ut til å vera i fin form, og flaksa symmetrisk, men noko hoppande frå staden.

Ei av mange kattugler i Os

Ugla ser ut til å vera av arten kattugle. Det er fleire uglekassar i Os, også i Borgavegen.

I fjor blei det til saman merkt rundt 20 ugleungar.

• Les òg: På (f)uglemerking med Ragnar Lyssand

 

 

Fleire saker