Lokal | 25. juli 2018

Ugyldig skilting og ugyldig førarkortbeslag?

Er det greit å skilta direke frå 80 til 50 km/t der politiet på 8 dagar har gjort 3 førarkortbeslag?

Ugyldig skilting og ugyldig førarkortbeslag?
På Ulvensletta blir det skilta direkte til 50 km/t når du køyrer i 80-sona retning Strøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. juli 2018 20:22

I løpet av åtte dagar i juli har politiet tatt beslag i tre førarkort i 50-sona på Ulvenvegen (fv 160) over Ulvensletta.

Køyrer du mot sørvest, retning Strøno, blir fartsgrensa redusert direkte frå 80 km/t til 50 km/t rett etter ein sving.

Er det greit å redusera fartsgrensa med 30 km/t om gangen? Kan dei som nyleg har mista lappen, om dei køyrde retning Strøno, ha ein god grunn til å klaga på beslaget?

Nedtrappingssone

Rette personar hos Statens vegvesen var på ferie då Midtsiden tok kontakt for å høyra om skiltinga på Ulvenvegen.

På vegvesenet sine eigne sider finn vi Statens vegvesen si handbok «Tekniske bestemmelser og retningslinjer for trafikkskilt», som under punkt 362 (s. 27) omtaler dette med nedtrapping av fartsgrense på denne måten:

«Fartsgrenser fastsettes til nærmeste hele 10 km/t og settes ned i sprang på maks. 20 km/t. Når forskjellen mellom fartsgrensene i to områder er 30 km/t eller 50 km/t, tas først et sprang på 10 km/t. Ved overgang fra et område med 80 km/t til et område med 50 km/t, skal f.eks. fartsgrensen først forandres til 70 km/t og deretter til 50 km/t.»

Unntak

MEN: I same avsnitt står det at nedtrappingssone kan sløyfast «der hvor fartsnivået på forhånd ikke er høyere enn 20 km/t over den særskilte fartsgrense som skal innføres.

Tolkar vi dette rett kan det vera greit å redusera direkte frå 80 km/t til 50 km/t om du er i ei 80-sone der det er unaturleg å ligga i høgare fart enn 70 km/t, som etter dei krappaste svingane ned Fanafjellet retning Os, før Nordvik.

Vi vil likevel tru at dette unntaket ikkje er gyldig på breie, rake Ulvensletta, som tidlegare hadde 80-sone i heile strekket, og der trafikantane ikkje har problem med å halda 80 km/t.

2 av 3 hadde retning Strøno

Av dei tre ferskaste førarkortbeslaga på Ulvenvegen blei den første, vedkomande som skal ha vore nær på å køyra på ein unge, ha køyrd i retning Os, der det ikkje er tilsvarande brå nedtrapping av fartsgrensa. Vedkomande blei dessutan både målt i 77 km/t i 50-sona og 134 km/t i 80-sona.

Dei to neste, ein bilist og ein MC-førar, blei begge målt i retning Strøno.

Dei hadde snittfart på 76 km/t og 77 km/t, altså akkurat over grensa. (På 75 km/t blir det ikkje beslag).

Kan vera verdt å klaga på

Kva om fartsgrensa hadde vore trappa ned i tråd med vegvesenet sine eigne retningslinjer, med 150 meter med 70-sone før 50-sona starta? Starta snittmålinga så tidleg i dagens 50-sone at dei eigentleg var i ei 70-sone?

– Dei detaljane har eg ikkje her, seier konstituert politioverbetjent Thomas Juulseth.

– Men dei som gjennomfører kontrollen fører vel ein logg der dei ser over at skiltinga er gyldig før dei gjennomfører?

– Det er både føring av logg og klare retningslinjer, blant anna med kalibrering av utstyr, før fartsmåling blir gjennomført. Om vegvesenet si skilting blir overprøvd veit eg ikkje.

– Om desse to klager på førarkortbeslaget, trur du dei har ei god sak?

– Eg jobbar for tida lite med trafikk, og rett person hos oss er på ferie, så det kan eg ikkje kommentera.

Det har dei siste åre vore fleire eksempel på omgjorte vedtak om førarkortbeslag etter feilskilting, som TV-kjendis Arne Hjeltnes frå Voss, som fekk lappen tilbake i fjor. Dei eksempla Midtsiden fann i farten handlar rett nok om andre formar for skilting enn brå redusering av fartsgrensa.

Uvisse om gangfelt

Årsaka til at politiet har hatt fokus på Ulvenvegen forbi næringsområdet Kloppamyra er trafikktryggleik i samband med etablering av ny butikk og noko som liknar eit fotgjengarfelt, men som førebels ikkje har fått kvitestriper og status som gangfelt.

– Normalt går risikoen ned ved oppmerking av gangfelt, men den kan òg gå opp. Det avhenger av fleire forhold, som fart, sikt og talet på kryssingar, sa Bente Isdal frå Statens vegvesen til Midtsiden i april.

Vegvesenet skal ha teljing av fotgjengarar på staden. Ifølgje tabellen dei bruker bør det, i den timen i døgnet med flest kryssande fotgjengarar, vera 20 eller fleire som kryssar vegen for at det skal vere tenleg med eit fotgjengarfelt over Ulvenvegen.

Midtsiden følgjer opp saka når rette folk i politiet og vegvesenet er tilbake frå ferie. Er du blant dei to som fekk førarkortet beslaglagt i retning Strøno i juli, kan du kontakta redaksjonen (anonymt) på tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.