Lokal | 29. nov. 2020

Uheldig på Haugsneset

Bil måtte bergast på Kiwi i ettermiddag.

Bilen hamna med framhjula utfor muren, men ingen blei skadd. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. nov. 2020 15:53

Søndag i 15.40-tida fekk vi tips om ein bil som hang utanfor ein mur på Haugsneset.

Bilen har køyrd gjennom eit gjerde på parkeringsplassen til Kiwi, og var ikkje langt unna å hamna ned på fortauet og vidare inn i krysset mellom Hatvikvegen og Steinneset.

Bilen blei berga før klokka 17. Ingen skal vera skadd, men dette har vi heller ikkje fått stadfesta. Politiet har vore på staden, men har til no ikkje vore ledig for kommentar.

Ein person som fortel at han har kjennskap til uhellet, seier at ingen blei skadd, og at uhellet skjedde under øvelseskøyring.

Bergingsbil på plass i 16.30-tida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.