Lokal | 28. jan. 2020

Uhell med lastebil i Torkjelsvegen

Hekta seg fast i leidningar - knekte tre og velta lyktestolpe.

Uhell med lastebil i Torkjelsvegen
Ein lyktestolpe velta då ein lastebil hekta seg fast i leidningar som kryssar vegen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. jan. 2020 10:12

Tysdag morgon blei ein lyktestolpe dradd i bakken i Torkjelsvegen.

Årsaka var at kassen på ein lastebil hadde hekta seg fast i nokre leidningar som kryssa vegen.

– Kassen var nede då eg køyrde, men har truleg ikkje festa seg skikkeleg, så den reiste seg då eg køyrde opp bakken, seier sjåføren til Midtsiden.

Han er på staden og ventar på BKK Nett, som skal vera på veg.

Det er på BKK Nett sitt kart over straumstans ikkje notert straumbrot i området, men vegen er i skrivande stund sperra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.