Lokal | 12. mars 2019

To uhell på Halhjemsvegen

Søndag havarerte ein bil på E39, måndag blei det tatt førarkortbeslag etter utforkøyring.

To uhell på Halhjemsvegen
Søndag kveld blei ferjetrafikken dirigert forbi denne havarerte bilen. (Lesarbilde, foto: Knut Vernøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mars 2019 08:40

Søndag i 20-tida blei det full stopp for ein bil på E39 Halhjemsvegen, mellom vekta og Lepsøykrysset.

– Bilen havarerte og det var oljesøl i vegen. Vi rykte ut for å dirigera fram til bergingsbil kom til staden, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

I grøfta på Moberg

Måndag i 14-tida hamna ein bil i grøfta ved rundkøyringa på Moberg.

– Ingen personar blei skadd, men det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Det er ikkje mistanke om rus, men oppretta ein paragraf 3-sak.

«Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.»

Bilførar er ein mann i 70-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.