Uhøgtideleg kunstarisk samhald bind desse saman. Frå venstre: Jan Haaland, Randi Hjertaas, Siri Janne Llanos, Ann-Lisbeth Negård og Gro Fjeldtvedt utgjer 5/9 delar av KIOS. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Uhøgtideleg kunstnarleg samhald

Kunstfabrikken i Os (KIOS), er no på plass i Interiøren i Hamnevegen.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

– Vi visste at lokala i Næringsparken ikkje var permanente, seier Randi Hjertaas, ei av dei 9 kunstarane som utgjer KIOS. 

– Kall det gjerne ein kalkulert risiko, men det året vi fekk der ser vi attende på med glede.

• Sjå bildesserie: Kunstfabrikken - bås for bås (juni 2017)

Jan Haaland fortel at etter litt diskusjon hamna dei i bygget som mange kjenner som Interiøren. 

– Det er allereie eitt atelier her i bygget, og i etasjen over oss er det eit øvingslokale kor fleire musikarar i Os nyttar, så då er det jo heilt innafor at vi kjem med fabrikken vår!

9 hovud - 9 uttrykk

KIOS består av Gro Fjeldtvedt, Jan Haaland, Randi Hjertaas, Ann-Lisbeth Negård, Siri Janne Llanos, Rita Barstad, Anita Guddin Aslaksen, Margunn Tveitnes og Jarl-Hugo Låstad.  

Kring eit stort fellesområde har dei 9 kunstnarane fordelt seg i parvis i det som tidlegare var kontor. Å gå frå kontor til kontor er ein spasertur i uttrykk og personlegdom. 

– Vi har alle ulike uttrykk, fortel Gro Fjeldtvedt, men samstundes er vi eit kollektiv som inspirerer kvarandre. Å vera så mange er ei unik moglegheit til å inspirera kvarandre via konstruktiv kritikk og samhald. 

I KIOS finn ein uttrykk i kategoriane maling, akryl og tekstil, samt ein outsider som òg driv med trykk; 

– Jan er rebellen som driv med anna slags òg, kjem det lattermildt frå Siri Janne Llanos.  

Kunstnarkollektivet ser på seg sjølv som ein uhøgtideleg gjeng, og humor ser ut til å vera i sentrum. Spøkar og vennskapleg humor på kvarandre si bekostning sit laust til ei kvar tid. 

– Verda og samfunnet er alvorleg nok, seier Haaland. Om vi har eit felles mål, så er det å skapa god stemning via kunsten vår. 

Til Vognhallen i helga

På laurdag opnar ei salsutstilling kor dei fleste av av kunstnarene deltek. 

– KIOS handlar mykje om å visa at vi er nokon som driv med noko, seier Haaland. Vi opererer som ei gruppe, og vi er kreative og aktive på mange måtar. 

Nettopp dette kjem fram i det faktum at under laurdagens vernissasje vil Haaland sjølv stå for musikalsk underhaldning. 

– Og så vil Inge Hjertaas, Randi sin mann, kåsera rundt kvar av utstillarane, legg Fjelltvedt til. 

Utstillinga til KIOS blir ståande i Vognhallen til 16. desember.

Fleire saker