Kultur | 03. feb. 2013

UKM på 18 minutt

VIDEO: Gjekk du glipp av kulturmønstringa i Oseana i går? Her kan du sjå klipp av alle innslaga.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. feb. 2013 07:57

Laurdag var det lokalmønstring for ungdom frå Os og Fusa i Oseana.

213 betalande publikummarar fekk god og variert underhaldning, 24 innslag og 3 utstillingar – i alt rundt 50 ungdomar fekk visa seg fram.

Deltakarane og dei som gjekk vidare

William Lindborg frå Søfteland Rock N LOL og Lena Schad frå Fusa Ungdomsråd leia oss gjennom kvelden.

Bone Shakers (Christian Andersen, Espen Iversen, Erik Aasen og Andreas Lindborg), Eirik Søfteland (med Olav Skorpen og Jan Åge Svendsen) og ei dansegruppe frå Fusa ungdomsskule underheldt på tampen av kvelden.

I mellomtida bestemte juryen kven som skulle sendast vidare til fylkesmønstringa, som også blir arrangert i Oseana, i midten av april.

– Det var inga lett avgjerd og det blei nokre diskusjonar. Men vi blei einige til slutt, sa Jonny Haugland, før han ramsa opp innslag på til saman 20 minutt frå Os som går til fylkesmønstringa.

Jury: Olga Bjørge, Jonny Haugland, Leif Herland, Øystein Brekke Skjelvan, Morten Holmefjord og Erik Vangsnes.

Her er deltakarane og dei som gjekk vidare frå Os og Fusa.

VIDEO: Sjå knappe 18 minutt av det nesten 4 timar lange showet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.