Lokal | 07. sep. 2020

Ulovleg bål og ulovleg røyk

Mann mistenkt for køyring i rus - politiet fann hasj i bilen.

Ulovleg bål og ulovleg røyk
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. sep. 2020 09:42

Laurdag klokka 20.40 rykte politi og brannvesen ut på melding om mykje røyk frå ein eigedom sør for Os sentrum.

– Det var frå eit bål, men på bålet låg bygningsmaterialar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I mars fortalte politiet og brannvesenet om komande fokus på ulovleg bålbrenning. Politiet oppretta sak på bålet laurdag kveld.

Bilførar mistenkt for køyring i rus

På veg frå bålplassen møtte politiet ein bilist dei mistenkte var rusa.

– Det blei funne noko vi trur er hasj i bilen, fortel Lyssand.

Bilførar, ein mann i 20-åra, blei tatt med for blodprøvetaking. Det blei tatt beslag i førarkortet, noko bilførar ikkje samtykka i.

Hadde 0,19 i promille

Søndag morgon klokka 09.20 blei ein bilist kontrollert i Os sentrum.

Bilførar, ein mann i 50-åra, blei målt til 0,19 i promille, altså så vidt under promillegrensa på 0,20.

– Han blei tatt med for blodprøvetaking. Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet, men det er oppretta sak.

Filma mann som køyrde vinglete

Klokka 17.10 laurdag ettermiddag fekk politiet tips om vinglete køyring på Lepsøyvegen. Politiet rykte ut og stoppa biisten.

– Han kjente seg ikkje igjen i skildringa. Patruljen hadde fått tilsendt video av køyringa, og han forklarte det med at han svingte unna nokre humpar og store dammar.

Politiet vurderte å oppretta sak, men han fekk køyra vidare etter å ha fått ei «kraftig åtvaring».

Støy frå fest og ungdom på rømmen

Klokka 02.13 natt til søndag møtte politiet to ungdomar som var sakna frå ein institusjon i Bergen.

Dei to gutane sto på Os terminal, men sprang frå staden då dei såg patruljen. Politiet fekk likevel stoppa dei, og tilsette frå institusjoonen kom og henta dei.

Politiet har fått klage på støy frå fest to gongar denne helga, frå Os aust klokka 01.07 natt til laurdag og frå ei adresse på Halhjem klokka 00.14 natt til søndag.

– Patruljen var ute hos begge. Adresse på Halhjem er ein gjengangar. Begge dempa seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.