Lokal | 29. sep. 2011

Ulovleg skoten

Skadar på ein daud hjort indikerar ulovleg jakt. Påkøyrd bukk på Storum med kjeveskadar.

Ulovleg skoten
Andris Hamretorsdag 29. sep. 2011 07:18

I byrjinga av veka blei viltkontakt Espen Krüger Andersen kontakta av ein kjenning som hadde kome over ein daud hjort i Langedalen.

- Sjølv om vi er hyra inn til å søkje etter skada dyr, så er eg nysgjerrig også når vi får melding om daude dyr.

- Eg fekk han difor til å visa meg kor dyret låg, fortel Krüger Andersen.

Då dei byrja undersøke dyret fann dei klare indikasjonar på at dyret var skoten med ulovleg kaliber eller ammunisjon.

- Skothol på dyret var ikkje samsvar med lovleg ammunisjon. Dyret har dauda av skotskadene.

Krüger Andersen fortel at det ikkje har vore driven ettersøk etter skada dyr i det aktuelle området denne hausten. Saka er no meldt til landbrukskontoret som forvaltar jaktløyvene i Os kommune.

- Dette er det andre tilfellet med ulovleg ammunisjon eg har vore borti på dei 17 åra eg har vore med på dette i Os, seier viltkontakta.

Hjortebukk truleg med broten kjeve

Midtsiden.no skreiv laurdag om ein hjort som blei påkøyrd i Storumsbakkane.

- Det var ein stor bukk som blei påkøyrd.

- Ut i frå blodspora har vi klare indikasjonar på at den har fått øydelagt kjeven og at den etterkvart vil slita med å få i seg næring, fortel Krüger Andersen.

Han fortel at hjorten på grunn av skadane er meir var enn ein frisk hjort og difor vanskelegare å koma innpå.

- Det er viktig å få tatt livet av den slik at lidingane blir avslutta.

- Framleis er den i godt hold, så kjøtet har framleis ein verdi, men blir den gåande lenge uten mat vil den etterkvart svelta i hjel, forklarar Krüger Andersen.

Hjorten blei sist sett i haugane mellom Storumsbakkane og Ravneberghaugen.

- Om nokon ser det ber eg dei kontakta viltlaget, politiet eller landbrukskontoret, avsluttar viltkontakt Espen Krüger Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.