Kultur | 01. mai 2016

Ulvenmarknaden sette rekord

Både finbilparkeringa og marknaden gjekk ut over rammene sine. Publikumstalet var òg ekstra høgt på årets marknad.

Ulvenmarknaden sette rekord
Ikkje alle bilane på finbil-parkeringa var gamle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mai 2016 13:32

Bildeserie:

Øyvind og Gustav gledde seg over godt besøk og opphaldsvêr. (Foto: KVB)
Øyvind og Gustav gledde seg over godt besøk og opphaldsvêr. (Foto: KVB)
Geir-Ove, Gjermund og Gunnar kom for kaffi og vaflar.  (Foto: KVB)
Geir-Ove, Gjermund og Gunnar kom for kaffi og vaflar. (Foto: KVB)
Asbjørn Nyhaug frå Ålesund-området starta dagen med å selja eit trekkspel.  (Foto: KVB)
Asbjørn Nyhaug frå Ålesund-området starta dagen med å selja eit trekkspel. (Foto: KVB)
Trond Iversen reiser på 3-4 marknadar i året. Ulven er ein av favorittane.  (Foto: KVB)
Trond Iversen reiser på 3-4 marknadar i året. Ulven er ein av favorittane. (Foto: KVB)
Ivar Frydenlund med korg rosemalt av Annanias Tveit.  (Foto: KVB)
Ivar Frydenlund med korg rosemalt av Annanias Tveit. (Foto: KVB)
Leikar i form av miniatyrbilar.  (Foto: KVB)
Leikar i form av miniatyrbilar. (Foto: KVB)
– Ja, eg fekk alt i bagasjerommet, seier Alexander Fjell frå Karmøy.  (Foto: KVB)
– Ja, eg fekk alt i bagasjerommet, seier Alexander Fjell frå Karmøy. (Foto: KVB)
– Denne hadde eg kjøpt om alt virka, seier Gustav om den mekaniske modellen.  (Foto: KVB)
– Denne hadde eg kjøpt om alt virka, seier Gustav om den mekaniske modellen. (Foto: KVB)
Sjølv har han nyleg kjøpt denne Dodgen frå 1934.  (Foto: KVB)
Sjølv har han nyleg kjøpt denne Dodgen frå 1934. (Foto: KVB)
Nokre av dei heldige som fekk plass på finbilparkeringa.  (Foto: KVB)
Nokre av dei heldige som fekk plass på finbilparkeringa. (Foto: KVB)
Med sidevogn.  (Foto: KVB)
Med sidevogn. (Foto: KVB)
På denne kan du cruisa rundt som Captain America.  (Foto: KVB)
På denne kan du cruisa rundt som Captain America. (Foto: KVB)
1 av 12

– Eg såg annonse i Norsk Veteranvognklubb sitt medlemsblad, fortel Asbjørn Nyhaug.

Nyhaug er frå Sula utanfor Ålesund og var ein av fleire som i går stilte ut på Ulvenmarknaden for første gong.

– Til no har eg selt eit trekkspel og ein globus. Eg sel nok inn nok til å dekka drivstoff til og frå, og ein middag. Eg har nyleg flytta så då eg rydda ut av førre bustad så fekk eg eit overskot av alt mogleg. Det er betre å selja det enn å kasta det, synest eg.

Utstillarar i alle krokar

Stemninga var god hos Os arrangør Os Skysslag. Øyvind Tøsdal og Gustav Bahus køyrde i skytteltrafikk for å fylla på med pølser og vaffelrøra til kiosken.

– Alt er jo gratis, både å stilla ut og for publikum å koma inn. Ingen melder seg på, heller, her er det førstemann til mølla når det kjem til kvar utstillarane riggar seg opp, seier Tøsdal.

Ulvenmarknaden, som i går blei arrangert for 12. år på rad, er delt i to; ein marknad og ein finbil-parkering, der folk med veteranbilar eller amcar får lov å parkera. Utstillarar sto i år nede på finbilparkeringa, mellom bilar og nokre spennande motorsyklar. Over 20 av finbilane måtte stå langs vegen ut mot Kolskogen saman med gemene hop.

Austlending frå Bergen selte rosemåling frå Os

Som vanleg var det eit rikt utval av varer, frå delar til bil og samlargjenstandar til gamle LP-ar, bøker og leikar.

Ein av utstillarane, Ivar Frydenlund frå Drøbak, bur no i Bergen og driv med restaurering av gamle møblar.

– Eg sel møblar og eg har ein del antikke gjenstandar. Noko av det har eg kjøpt på auksjon, som denne korga, malt av Annanias Tveit.

Annanias var ein av dei som på 1800-talet tok rosemålingtradisjonane i Os til nye høgder.

Ein av dei som kjøpte av utstillaren, som hadde med seg fleire varer rosemålt i Os, var nettopp arrangør Tøsdal.

«Ny» bil frå 1934

Midtsiden fekk Gustav Bahus med seg på delar av runden på marknaden.

– Denne hadde eg kjøpt om alt hadde fungert som det skal, seier Gustav, og viser oss ein gamal pedagogisk modell av ein bil der alle funksjonar frå styresnekke og clutch til brems og lys kan testast og visast til unge med mekanisk interesse.

Så viser Gustav noko anna han har kjøpt, den siste veteranbilen i stallen, ein Dodge varebil frå 1934.

– Ein kamerat tipsa meg om at denne hadde kome på Finn mens eg var offline. Eg ringte og kjøpte den over telefon. Det var fascinerande å høyra historia til bilen frå bonden frå Hønefoss som selte han. Alt er originalt og den går som ei klokke, fortel Gustav før han gir nøklane til Midtsiden-redaktøren så vi fekk starta den over 80 år gamle bilen.

Reiser òg til Ekeberg

Trond Iversen frå Åsane sto og selte militæreffektar med samlarverdi, frå bajonettar til maskinpistolar.

– Eg har òg nokre militærkøyretur. Det blir 3-4 marknadar i året, blant anna på Ekeberg. Ulvenmarknaden er veldig god, ei fin samansetking av utstillarar og godt besøk, synest Iversen.

Marknaden var open frå 7 til 17. Vêret heldt seg tørt og fint til rundt klokka 16, då det kom nokre dropar regn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.