Ulvenmarsjen blir i september arrangert for 42. år på rad. Heri 2017. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Ulvenmarsjen blir i september arrangert for 42. år på rad. Heri 2017. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)

Ulvenmarsjen 2020: 30 påmeldte på 4 timar

Det kan bli kamp om dei 2 x 200 plassane i årets marsj.

Kjetil Vasby Bruarøy
10. august 2020 - 14:57

Då dei første, strenge smitteverntiltaka mot koronaviruset blei sette inn i mars, blei det tidleg klart at 14 km lange Ulvenmarsjen, som i slutten på april skulle blitt arrangert for 42. år på rad, måtte utsetjast.

Ny dato er klar, årets mars blir arrangert laurdag og søndag 12. og 13. september.

Klokka 7 i dag opna påmeldinga, og på knappe 4 timar tikka dei første 30 påmeldingane inn.

– Vi har fleire restriksjonar, grunna korona, noko som blant anna har resulert i at all påmelding og betaling er digital, og i forkant, fortel styremedlem i Søfteland Turn & Idrettslag, Morten Jensen.

Den einaste plassen du kan melda deg på er på deltager.no.

Maksimalt 200 per dag

Årsaka til digital påmelding, er at arrangør har fått beskjed om å unngå flaskehalsar.

– Målgang plar vera veldig spreidd, mens starten, med påmelding og henting av startnummer, har i periodar skapt kø. No unngår vi dette.

I 2018 var det 180 deltakarar som starta i løpet av den første halvtimen.

Ein annan restriksjon er mengda deltakarar per dag.

– Talet er av friidrettskretsen sett til maskimalt 200. Det betyr dessverre at vi risikerer at nokre av dei som ønskjer å gå, ikkje får plass.

I 2017 var det knappe 400 deltakarar i alt, i fjor var det 442.

– Folk kan melda seg på fram til fredag kveld 11. september. Så sant det er ledig plass.

– Vi vil senda epost til dei som har gått flest gongar, og flest år på rad, for å gjera dei merksame på at påmeldinga ligg ute. Sånn at dei ikkje får brot i dei lange rekkene sine.

Utan saftstasjon

Ulvenmarsjen tel som «mosjonsløp utanfor bane», og er utan tidtaking, med unntak av dei åra den med tilleggssløyfe om Kysten (for å få 15 km) parallelt har fungert som kappgangdistanse. 

Som deltakar må du på førehand velja kva dag du vil gå, laurdag eller søndag.

Du kan òg velja kor tid du startar å gå, ein gong etter klokka 14 laurdag og klokka 10 søndag.

Turmarsjen blir utan at du registrerer deg for avmarsj, eller hentar startkort, du kan berre byrja å gå utan å sjekka inn hos Søfteland TIL.

– Vi kjem til å ha løypevakt som køyrer runden fleire gongar med bil, og ser at alle har det bra, og gjerne ein stasjon med vaktar på Nore Neset.

– Men det blir ingen saftstasjon eller kunnskapskonkurranse, då dette kan føra til at det hopar seg opp med folk i løypa.

Laurdag må du vera i mål seinast klokka 19, søndag seinast klokka 15. Ved målgang går du i sekretæriatet og registrerer deg for premie.

Mål er i Jordmorsvingen, ved Byvegen. Tidlegare år har Søfteland TIL hatt base anten på Os barneskule eller Os ungdomsskule.

– Vi ønskjer å stå på Os ungdomsskule i år, men har ikkje fått endeleg svar. Rektor ville venta til skulestart med å svara, for å sjå kva smittevernreglane sa til utlån av skuleplassen.

 

 

Les meir om

Lokal Korona Sport Kondis