Ulvenmarsjen utsett - Ulvenmarknaden avlyst

Ulvenmarsjen i fare for å bli avlyst - for første gong sidan starten i 1979.

I 2018 blei Ulvenmarsjen arrangert for 40. gong. (Foto: Midtsiden/Andris Hamre)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 30. mars 2020 20:46

I slutten av april skulle Ulvenmarknaden blitt arrangert for 16. år på rad, Ulvenmarsjen for 42. år på rad.

– Det meste av løp, treff og marknadar er avlyst. I tråd med anbefalingar frå blant andre Norsk Veteranvognklubb avlyser også vi, seier Gustav Bahus frå Os Skysslag.

Ulvenmarknaden har samla bilinteresserte og «skrotnissar» i Os sidan 2003. I år blir det pause grunna koronasituasjonen.

Ein eldre travar som ikkje kjem i drift i april er Ulvenmarsjen, som i 2018 gjekk av stabelen for 40. år på rad.

– Start og mål er utfordringa

Marsjen er i første omgang utsett til hausten.

– Det er første gong Ulvenmarsjen har blitt utsett eller avlyst sidan vi starta med det nye systemet i 1979. Dette skulle vera den 42. marsjen, og det er sjølvsagt veldig kjedelig, seier ein skuffa Erling Andersen.

Han har sjølv har vore med å arrangert marsjen i 25 år.

I koronatida, med mange på heimeskule og heimekontor, er det tett med joggarar langs vegen og turfolk i fjellet.

– Det er ikkje noko problem med sjølve marsjen, men det er sjølvsagt ei utfordring med start og målgang, der vert det nok litt for krevjande at folk skal klara å halda avstand til kvarandre.

Morten Jensen og Erling Andersen under Ulvenmarsjen i 2019. (Foto: KOG)

No vert Ulvenmarsjen utsett. Det blir opp til Hordalands friidrettskrets å tildela dato for ny marsj til hausten.

– Dette kan bli utfordrande for kretsen, vi er jo ikkje det einaste friidrettsarrangementet som har blitt avlyst denne våren, seier ein betenkt Andersen.

– Alt som skulle ha blitt arrangert no i mars, april, mai, og kanskje også juni, skal no plutselig inn i terminlista til hausten. Der er det allereie booka arrangement, så dette kan bli utfordrande, påpeiker Andersen.

Sponsorar kan forsvinna

Erling Andersen er sjølv ein dagleg leiar og ser på korona-kvardagen som ein potensiell tjuv i forhold til sponsormarknaden til ulike idrettsarrangement.

– Det er klart at dess lengre denne korona-kvardagen held fram, dess tøffare vil det bli for bedriftane. Dette kan jo sjølvsagt bidra til at sponsorar som skulle vera med i utgangspunktet, kan ha fått ein knekk i løpet av denne perioden, og må sjå seg nøydd til å stramma inn pengebruken.

– Eg har no vore med å arrangert Ulvenmarsjen i 25 år, eg arva oppgåvene til far min etter at han døde. Eg håpar vi klarer å gjennomføra Ulvenmarsjen til hausten, avsluttar Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.