Næringsliv | 16. jan. 2018

Ulvenparken fekk 950 ledige kvadratmeter

– Vi meiner staden bør vera stadig meir attraktiv, seier huseigar etter at Palfinger samlokaliserte på Nesttun.

Ulvenparken fekk 950 ledige kvadratmeter
Ulvenparken i dag. Palfinger har kontrakt til kotober i år, men hadde 2. januar sin første dag i Nesttunbrekka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. jan. 2018 19:14

I januar 2015 blei suksessbedrifta Norwegian Deck Machinery AS (NDM), som mellom 2011 og 2013 vaks frå 14,5 til 73,4 millionar i omsetnad, selt til austerrikske Palfinger.

• Les òg: – Kompetansen var avgjerande

I oktober 2017 blei det kjent at Palfiner Winches & Handling Equipment, som eininga på Os heiter, skulle flyttast til Nesttun.

– Palfinger Marine Norway AS har to einingar, oss og Palfinger Offshore Cranes i Nesttunbrekka. Vi har jobba saman før, og i aukande grad etter oppkjøpet. Vi har dessutan fleire fellesfunksjonar, som finans og HR, seier leiar for Winches & Handling Equipment, Jarle Sørstrønen.

– Samlokalisering er noko som har vore jobba med ei stund, og det er både fornuftig og noko som klart vil gje oss ein gevinst.

Sørstrønen seier samlokaliseringa kan vera med på å styrka Palfinger Marine i ein marknad som har blitt tøffare. Samtidig fortel han at avdelinga framleis har bra med arbeid og ein fin ordrereserve.

Flytta i desember

Palfinger har leigekontrakt i Ulvenparken til oktober 2018, men valte å flytta i romjula. Tysdag 2. januar hadde dei sin første arbeidsdag i same lokale som søsterselskapet.

– Vi er rundt 30 tilsette, dei er rundt 100, fortel Sørstrønen.

Nokre av dei som no flytta på seg fekk kortare veg til jobb, men rundt 25 av 30 bur i Os kommune.

– Vi har hatt nokre fine år i Ulvenparken, og skulle gjerne blitt samlokalisert der. Men ei samla vurdering av fleire involverte fann ut at det beste var å samlast i Nesttunbrekka.

Palfinger/NDM har vore i Ulvenparken sidan dei flytta frå Os sentrum i 2012.

På jakt etter ny leigetakar

Sjølv om Palfinger har kontrakt i nesten ti månadar til, blei annonse for ledig lokale publisert 2. januar.

– For det første kan vi ta inn nye leigetakar før Palfinger si leigetid går ut, for det andre kan det ta tid før ein eventuell interessent er klar for å flytta på seg. Det kan sjå ut som om vi har god tid, men vi bør i grunnen håpa på å koma i dialog med nokre nye ganske raskt, seier Ann-Elin Lepsøe Berge frå Ulvenparken AS.

Palfinger heldt til i 3. etasje, der dei første leigde rundt halve etasjen, men seinare utvida til heile.

Utvidinga var det huseigar som sto for. Oppgraderinga av Ulvenparken starta i 2009.

– Alt er moderne og nytt, og vi bygde etter krava i Tek10 då vi utvida og rusta opp eigedomen.

Fleire små eller éin stor?

«Vi har 20-950 kvm ledig til kontor. I tillegg til kontorer kan vi tilby lager, verksted for testing, montering og lett industri» står det i annonsen på Finn.no.

Det er tilrettelagt 26 arbeidsstasjonar, og lokalet har store fellesareal.

– Vi har hatt ein travel haust, og har ikkje fått bestemt oss heilt for om vi vil ta inn fleire små, eller venta og sjå om vi får eit selskap som har behov for heile.

– Vi held uansett på å pussa opp fløyen til venstre når du ser mot fasaden, og her får vi nokre mindre kontor.

Konkurranse og fortrinn

Ann-Elin seier etasjen under Palfinger no er leigd ut som lager, men at ho har mål om å fylla heile Ulvenparken med arbeidsplassar.

– Vi har hatt nokre interessentar innom, også før Palfinger sa ifrå at dei ville ut, men ser at Os sentrum har gjeve oss hard konkurranse den siste tida.

– Det har vore eit voldsomt fokus på «Liv på Øyro» dei siste åra, noko som er positivt for mange, men som er ein vind som ikkje bles vår veg.

– Likevel har vi mykje anna å by på, som stor og god parkeringsplass, ope landskap og fin utsikt, og umiddelbar tilkomst til E39 og Skogafjellstunnelen, som om tre år er starten på ein 6-7 minutt kort biltur til Lagunen og resten av Fana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.