Lokal | 27. juli 2020

Ulykke på Hatvikvegen

To bilar vart i 14-tida involvert i ei ulykke på Hatvikvegen ved Bjørnefjorden Golfklubb.

Ulykke på Hatvikvegen
Det vart utrykning til ei ulykke på Hatvikvegen i dag. (Foto: KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 27. juli 2020 12:18

Det vart full utrykning i 14-tida til ei ulykke på Hatvikvegen. Politiet melder om at det er to bilar som skal vera involvert og at nødetatene er på veg.

Ulykka fann stad ved sida av Bjørnefjorden golfbane. Den eine bilen er skadd i front og den andre bilen har skader på høgre side. Trafikken går greit forbi staden.

Ifølgje vitne, som ikkje såg samanstøyten, men kom til krysset kort tid etterpå, skal den eine bilen ha vor på veg ut frå golfbanen då den kolliderte med ein bil som kom på Hatvikvegen retning Os sentrum.

Dette blir stadfesta av politiet.

Bilen som køyrde på Hatvikvegen fekk sida oppskrapt. Mor og barn er uskadd etter kollisjonen. (Foto: KVB)
Bilen som køyrde på Hatvikvegen fekk sida oppskrapt. Mor og barn er uskadd etter kollisjonen. (Foto: KVB)

– Det var éin person i den eine bilen, ein vaksen mann, og to personar, mor og barn, i bilen som kom på Hatvikvegen.

– Alle dei tre involverte er undersøkt av helsevesenet på staden, og dimittert som uskadd.

Det er ikkje mistanke om promille.

Mannen som kom i bil frå golfbanen hadde vikeplikt, og skal ha forklart at han ved ein glipp slapp opp trykket på bremsepedalen, noko som gjorde at fronten kom borti bilen som kom forbi på Hatvikvegen.

Det vart utrykning til ei ulykke på Hatvikvegen i dag formiddag. (Foto: KVB)
Det vart utrykning til ei ulykke på Hatvikvegen i dag formiddag. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.