Lokal | 29. mai 2020

To ulykker i same nabolag: Ung syklist skadd - ung bilførar i murvegg

6-åring til legevakt etter uhell i fotgjengarfelt, 19-åring mista lappen seinare på same stad.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. mai 2020 07:25

Torsdag ettermiddag og kveld var det to ulykker på same sideveg på Søre Neset.

Politiet blei kontakte klokka 16.30, av foreldra til ein gut som hadde ei ulykke i ein fotgjengarovergang ein time før.

– Ein bil var involvert, og bilførar, ei kvinne i starten på 20-åra, var med guten til foreldra kom, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet køyrde til legevakt for å få avhøyr med guten og foreldra. Guten har lettare skadar i ansiktet.

– Det er noko uklart kva som har skjedd. Patruljen fekk ikkje kontakt med bilførar i går kveld, men det er oppretta sak.

Knuste bilen i ein mur

Rundt midnatt natt til fredag køyrde ein bil i ein mur ved ein krapp sving på same sideveg på Søre Neset.

– Bilførar, ein gut på 19 år, var heldigvis uskadd, men bilen fekk store skadar og måtte hentast med bergingsbil.

Bilførar var edru, men politiet mistenker at farten har vore høg, og har tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.