Svømming | 20. okt. 2020

UM-gull og -sølv til Emil

I helga svømte Emil Austevoll Harlem UM med sin nye klubb, Bergen Svømme Club, det vart det medaljar av.

UM-gull og -sølv til Emil
I helga svømte Emil Austevoll Harlem UM med sin nye klubb, Bergen Svømme Club, det vart det medaljar av. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 20. okt. 2020 12:30

Emil Austevoll Harlem (14) deltok i helga i norsk ungdomsmeisterskap i svømming for første gong.

Han har tidlegare vore suveren i LÅMØ (landsdelsårsmønstringa), og var også i fjor kvalifisert for UM, men venta med å delta.

I helga svømte han med sin nye klubb, Bergen Svømme Club.

– Dette var veldig gøy! Vi er eit ferskt lag og fekk nokre gode resultatar saman, seier Emil.

Det blei 1. plass på 4x200 meter fri og 2. plass på 4x100m medley!

– I tillegg gjekk det bra i individuelt òg. Totalt sett hamna eg under sekundet frå landslagskravet, og det er eg nøgd med, seier Emil Austevoll Harlem.

Alle UM-resultata til Emil:

  • 4x200m fri, lagkonkurranse - 1. plass av 15 lag
  • 4x100m medley, lagkonkurranse - 2. plass av 9 lag
  • 200m medley, individuell, tid: 2.08,98 - 4. plass av 13 deltakarar
  • 100m fri, individuell, tid: 53,80 - 7. plass av 33 deltakar
  • 200m fri, individuell, tid: 1.56,87 - 6. plass av 31 deltakarar
  • 50m fri, individuell, tid: 24,47 - 9. plass av 50 deltakarar
  • 400m fri, individuell, tid: 4.10,14 - 10. plass av 23 deltakar

Fire deltakarar frå Os

Saman med Emil var tre jenter frå Os kvalifiserte, Emma Skarstein Kjetland og tvillingsøstrene Janne Marie og Tracy Malene Holm frå Os Svømmeklubb deltok.

Emma kom på 30. plass av 41 deltakarar på 100 meter bryst og tok 4. plass (4x200 meter fri) og 6. plass (4x100 meter medley) i lagsvømming med Bergensvømmerne sitt lag.

Janne tok 16. plass av 31 på 100 meter fri og 19. plass av 39 deltakarar på 50 meter fri og tok 6. plass saman med Emma og Bergensvømmerne på 4x100 meter medley.

Tracy Malene Holm på 21. plass av 24 deltakarar i 100 meter rygg.

God lagkjensle

Sjølv om svømming i hovudsak er ein individuell idrett, er Harlem veldig glad for å vera del av eit lag.

– Vi er fleire som kom saman på dette laget no i sommar, så vi har fått kort tid saman. Men eg opplever det allereie som kjekt og lærerikt å vera del av laget.

– Når du svømmer individuelt så tenkjer du berre på eigen teknikk og tidene du oppnår. Når du svømmer på eit lag, så svømmer du òg for dei andre på laget, og så er det fleire taktiske faktorar. Kven som skal vera førstemann og kven skal svømme til slutt er ting som speler inn. Det er rett og slett spennande.

Emil Austevoll Harlem, her etter suveren siger i landsdelen, kom på 5. plass i nasjonal allroundmeisterskap i 2019. (Privat foto)
Emil Austevoll Harlem, her etter suveren siger i landsdelen, kom på 5. plass i nasjonal allroundmeisterskap i 2019. (Privat foto)

«Gamechanger»

Sjølv om svømmetalentet nemner at det kan vera fleire taktiske ting som kan spela inn på eit lag, opplever han at det er ein del taktiske ting på det individuelle planet også.

– Sjølvsagt, det er alltid viktig å ha ein plan for løpet, spesielt på dei lengre distansane. Eg prøver alltid å vera mest effektiv i midten av ein distanse. Viss eg skal svømma 200 meter, så deler eg løpet i tre delar, 50 m i starten, 100 m i midten og 50 m til slutt. Då prøver eg å levera best mogleg på den midterste delen, forklarer Harlem.

15-åringen trenar 3-4 økter i veka med sin nye klubb i ADO, under leiing av ein svært erfaren og merittert elitetrenar, Flemming Skov Jensen.

– Trenaren min er veldig flink, han har vore svømmetrenar i over 40 år. Eg utviklar meg kvar dag. Eg trengte verkeleg å koma inn i dette miljøet, det har vore ein «gamechanger» for meg, her blir kvar einaste trening ein hard konkurranse, og du må yta maks på kvar økt.

Junior NM i november

Det neste på tapeten for den lokale svømmaren blir junior-NM 12. til 15. november i Porsgrunn.

Ungguten har planen klar.

– No blir det å terpa på litt teknikk inn mot junior-NM. Eg har kartlagt dette i lag med trenaren min, og eg gler meg veldig til denne meisterskapen.

– I tillegg skal alle på laget få trent godt i tida framover, så eg har trua på at vi vil kunna få nokre gode resultat, avsluttar Harlem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.