Lokal | 26. feb. 2015

Under 11 kroner literen

Rekordlave drivstoffpriser på Os. Priskrig på gang?

Då Midtsiden fylte diesel rett før klokka 13 torsdag betalte vi under 11 kroner literen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 26. feb. 2015 11:52

Bildeserie:

Men rett før klokka 13, såg vi 10-talet på Tøsdalsskiftet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torsdag morgon var dette drivstoffprisane i sentrum (foto: Andris Hamre)
Men rett før klokka 13, såg vi 10-talet på Tøsdalsskiftet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torsdag morgon var dette drivstoffprisane i sentrum (foto: Andris Hamre)
1 av 2
Torsdag morgon var dette drivstoffprisane i sentrum (foto: Andris Hamre)
Men rett før klokka 13, såg vi 10-talet på Tøsdalsskiftet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Torsdag morgon, og formiddag, var drivstoffprisane på bensinstasjonane i sentrum på 12,09 for bensin og 11,09 for diesel.

– Du veit vi har alltid lagt litt lågare her på Os enn i byen, seier Henrik Eidsvik på Statoil lurt.

Rett nok køyrde UnoX ved Tøsdalsskiftet eit stunt onsdag, kor dei prisa ned i 10,99 for diesel og 11,99 for bensin i nokre timar.

Om det dette som gjer at prisane på Os har helde seg låge utover torsdagen er ikkje godt å seia. Vegleiande pumpepris hos Statoil Noreg syner 14,97 for bensin og 14,11 i følgje heimesida deira.

Fleire av stasjonane har i tillegg rabattkort, som gjer at om nyttar du desse, så får du allereie i dag diesel ned på 10-talet.

Medan denne artikkelen blei skriven har UnoX igjen skrudd prisane ned til same nivå som onsdag.

Ikkje sidan 2004

Drivstoffprisane varierer gjennom sesongen, men ein skal heilt tilbake til 2005 for å sjå prisar lågare enn nivået vi ser i dag på Os.

Slik har prisane vore i snitt på landsbasis dei siste åra. Tabellen viser år, snittpris diesel pr liter/snitt pris bensin 95 oktan (kjelde: SSB)

2004: 9.56/11.03
2005: 10.68/11.89
2006: 11.20/12.53
2007: 11.23/12.69
2008: 12.85/13.11
2009: 10.98/12.02
2010: 11.76/12.69
2011: 12.93/13.77
2012: 12.95/14.46
2013: 12.64/14.17
2014: 13.12/14.78

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.