Lokal | 26. aug. 2018

Ung båtførar kolliderte med MS Rygerfonn

Småbåten blei knust, men tenåringen frå Os slapp unna med lettare skadar etter samanstøyt med Hardangerfjordekspressen.

Den unge båtføraren er tatt til land og er frakta til Bergen for sjekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. aug. 2018 19:44

Bildeserie:

Innsatsleiar Frank Listøl. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kystvakten og Rygerfonn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mob-båt tok båtførar til land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Der venta politi og ambulanse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Småbåten blei knust av katamaranen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Innsatsleiar Frank Listøl. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kystvakten og Rygerfonn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Kystvakten og Rygerfonn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mob-båt tok båtførar til land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Der venta politi og ambulanse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Småbåten blei knust av katamaranen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Innsatsleiar Frank Listøl. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Søndag i 20.15-tida fekk Midtsiden tips omat Rygerfonn, båten som går i rute frå Bergen til Rosendal, via Os og Malkenes, såg ut til å ha problem.

Båten låg i ro mellom Os og Tysnes, og etterkvart kom også Kystvakten til staden.

Så kom ein av Kystvakten sine mob-båtar til land med ein pasient som blei tatt inn i ambulanse.

Kolliderte med småbåt

– Ein open båt på under 20 fot har kollidert med Rygerfonn, fortel innsatsleiar Frank Listøl til Midtsiden.

Det var berre éin person om bord i småbåten, ein gut i slutten av tenåra. Vedkomande skal vera heimehøyrande i Os.

– Han har fått nokre rifter og sår, men var ikkje meir skadd enn at han svømte bort og klatra sjølv om bord i Rygerfonn.

Guten er tatt til Bergen for sjekk.

– Eg er ikkje sikker på om ambulansen køyrer han til legevakt eller til Haukeland, men det blir nok ikkje noko langt besøk hos helsevesenet.

49 passasjerar om bord

Midtsiden har fått tips frå fem ulike vitne med utsikt mot fjorden, ein av dei med VHF og god kikkert.

– Eg høyrde at dei om bord i Rygerfonn spurde Kystvakten om dei hadde dykkarar om bord, for delar av vraket heng fast under båten, fortel vitnet, som og har sendt bilde av noko som liknar eit båtvrak som sit fast i hekken på katamaranen.

Ulykka skjedde klokka 19.58. Båten var på veg til Rosendal med 49 passasjerar.

– Passasjerane er framleis om bord. Rygerfonn er køyrbar, men vi køyrer ut med Rygerkatt frå Våge i tilfelle det blir problem med å frakta desse til Rosendal, seier driftsjef i Rødne Fjord Cruise, Geir Nedrebø.

– Begge var truleg i fart

Verken politiet eller Rødne sin driftssjef kan seia noko om årsak til ulykka.

Politiet kjenner heller ikkje til kva fart tenåringen sin båt gjekk i.

– Småbåten hadde påhengsmotor. Etter det eg kjenner til var begge båtane i fart. Eg har førebels ikkje snakka med førar av Rygerfonn, det har operasjonsleiar tatt seg av.

Generelt har fritidsbåtar vikeplikt får båtar i rute, men årsak og skuld har førebels ikkje hatt fokus.

• Les òg: Rygerfonn prøvde å varsla

– Akkurat no trur eg alle er glade for at ingen blei alvorleg skadd i denne ulykka. Det kunne gått mykje verre, seier Frank Listøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.