Politi | 07. juni 2024

Ung fotgjengar påkøyrd

– Vedkomande er vaken og bevisst.

Ung fotgjengar påkøyrd
Uhellet skjedde i eller ved Irgenskrysset. (Foto: Elin Johnsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juni 2024 11:48

Fredag klokka 13.42 fekk Midtsiden melding om mogleg trafikkulykke i Irgenskrysset, krysset mellom Skeisflaten og Ulvenvegen/Strønevegen.

– Ein elbil sto ut i vegen, vi lurte på om den var tom for strøm. Så såg vi ein person som låg i utkanten av vegen, ved busstoppet, og at bussen sto med nødblink på. Det var mykje folk på staden, så vi stoppa ikkje for å gå ut og sjekka.

Klokka 13.46 kom det informasjon frå politiet.

– Vi fekk melding om ulykka klokka 13.41. Politi og ambulanse er på veg til staden, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Ein fotgjengar er påkøyrd av bil. Fotgjengaren, eit barn, er vaken og bevisst.

Pårørande er varsla.

Artikkelen blir oppdatert ...

I skrivande stund ser det, ifølgje Google Maps si trafikovervaking, ikkje ut til å vera kø på staden.

Ein tipsar fortel at politiet dirigerer trafikken.

OPPDATERT 13.34: Barnet, som er i slutten av barneskulealder, blir tilsett av helsepersonell. Mora har kome til staden.

OPPDATERT kl 14.16: Den skadde er køyrd med ambulanse til legevakt for sjekk.

Nødetatane avslutta på staden klokka 14.48.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.