Lokal | 24. sep. 2019

Ung jente nær påkøyrd på Lepsøy

Skadde foten i unnamanøveren - politiet vil koma i kontakt med vitne.

Ung jente nær påkøyrd på Lepsøy
Politiet vil koma i kontakt med eventuelle vitne etter ei nær påkøyrsle på Lepsøy i går ettermiddag. (Ill.foto: KOG) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightysdag 24. sep. 2019 10:00

Politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand, fortel at politiet vart kontakta av jenta sin fastlege etter hendinga som skal ha skjedd rundt klokka halv fire i går ettermiddag.

– Jenta, som er fødd i 2003, skal ha vore på veg til bussen. Då ho skulle kryssa vegen for å koma seg til busstoppet skal ho ha vore nær å bli påkøyrd av ein bil.

– Det viste seg etterkvart at ho ikkje hadde blitt truffen av bilen, men då ho kasta seg unna skal ho ha skadd ankelen, seier Lyssand.

Jenta vart seinare teken til Bergen for vidare undersøking av foten, og Lyssand seier at det er oppretta sak.

– Jenta har fortalt at bilen var svart i fargen, og vi kjem no til å etterforska saka vidare. Om nokon var vitne til hendinga, eller kan hjelpa oss vidare i etterforskinga vil vi at dei tek kontakt med oss.

Fann motorsykkelen tukla med

Tidlegare på dagen fekk politiet melding frå ein mann som hadde hatt motorsykkelen sin parkert på fergekaien på Halhjem.

– Mannen kunne fortelja at motorsykkelen, av den tyngre typen, hadde stått parkert der i delar av helga. Då han skulle henta den måndag føremiddag fann eigaren at trekket på sykkelen var skadd. Det var i tillegg skade på tenningslåsen, fortel Lyssand.

Saka vart meld og vil bli etterforska.

Ikkje samd i beslag

Politiet kom òg over ein mann på tung motorsykkel i Industriveien.

Mannen, som ikkje er heimehøyrande i Os, fatta politiets interesse, men då dei gjennomførde ein ordinær promillekontroll, slo den ikkje ut.

– Det var likevel fleire trekk ved åtferda og reaksjonsmønstra til mannen som gjorde at politipatruljen valde å ta han med seg vidare til ein utvida blodprøve på legevakten, seier Lyssand.

– Det vart teke midlertidig beslag i mannens førarkort, noko mannen ikkje kunna skjøna at var naudsynt. Saka vert etterforska vidare, avsluttar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.