Lokal | 30. apr. 2019

Ung mann frå Stord dømt for vald i Os

Blei truga med bank av osingen, men må sjølv sona 90 dagar fengsel.

Ung mann frå Stord dømt for vald i Os
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 30. apr. 2019 12:06

Ein stordabu i starten på 20-åra er dømt i Sunnhordland tingrett til fengsel etter ein episode i Os nyttårsaftan.

Sikta var på fest på ei privat adresse på Søre Neset saman med fornærma, som er jamgamal, og fleire andre.

Mannen møtte i retten, tilsto og samtykka i avgjerd ved tilståelsesdom.

Måtte sy i ansiktet

Fornærma blei slått i ansiktet fleire gongar, fekk eit tre centimeter djupt kutt over nasa og måtte sy i ansiktet.

Som hovudregel skal kroppsskade straffast med fengsel, og påtalemakta kom med påstand om 120 dagar fengsel.

Sikta forklarte at fornærma hadde kome med sjikanerande utsegn og sa han ville banka han. Dette blir delvis stadfesta av vitne.

Retten la òg formildande vekt på tilståinga, og reduserte straffa til 90 dagar fengsel utan vilkår.

Domfelte vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.