Lokal | 28. juli 2020

Ung mann skalla til ein gut

– Det framstår som uprovosert, seier politiet.

Ung mann skalla til ein gut
Politiet rykte ut til Os terminal måndag ettermiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juli 2020 07:06

Måndag i 18-tida fekk politiet melding om ein valdsepisode i Os sentrum.

– Meldinga gjekk ut på at ein mann i 20-åra hadde skalla til ein gut i slutten av tenåra, fortel politioverbetjent Martin Nordeide.

Politiet var raskt på staden, og tok avhøyr av begge to. Episoden fann stad nær Os terminal.

Mannen i 20-åra er kjent for politiet frå før.

– Det framstår som uprovosert vald.

Fornærma såg ut til å vera uskadd, men blei sendt til legevakt for sjekk.

I samråd med jurist blei begge dimittert etter avhøyr. Politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.